Samfunnsfagseksjonen
Samfunnsfagseksjonen underviser og driv FOU-verksemd innan historie, geografi, samfunnskunnskap og ernæring og helse. Vi er den einaste høgskulen i landet som tilbyr mastergrad i historie med samfunnsfagdidaktikk. I tillegg tilbyr vi årskurs i samfunnsfag med fordjuping i historie og årskurs i samfunnsfag med fordjuping i globale studier.
Seksjonen har bygd opp ei sterk kompetanse innan organisasjon og leiing, og har utvikla fleire studietilbod innan dette feltet.
Internasjonalisering
Fleire av undervisningstilboda og FOU-prosjekta ved seksjonen har klår internasjonal profil, mellom anna årskurset med fordjuping i historie, som har studietur til Tyskland og årskurset med fordjuping i globale studier, med feltstudier i Tanzania. Samfunnsfagsseksjonen er dessutan ein viktig bidragsytar til studietilboda "Fleirkulturell barnehage og skule" og "Natur, samfunn og miljø".
Forskning og utviklingsarbeid
Mellom dei tilsette på samfunnsfagseksjonen finn du fagfolk med kompetanse innan historie, natur- og samfunnsgeografi, samfunnsernæring, førebyggande og helsefremjande arbeid, sosiologi, statsvitenskap og sosialantropologi.
Dei tilsette på seksjonen driv både fagleg og fagdidaktisk forsking- og utviklingsarbeid innan dei ulike samfunnsfaga. Fleire tilsette har dessutan skrive lærebøker for grunnskule, vidaregåande skule og høgskular.
Ledelse
Seksjonsleder: Jan Helge Kallestad
e-post: jhk@hib.no
telefon: 55 58 59 43
Adresse
Besøksadresse: Landåssvingen 15, 5096 Bergen
Telefon: 55 58 75 00
Faks: 55 58 58 09
Sist endret: 23.02.2010
