English | Avansert søk | Nettstedskart

Årsmelding 2003

Skriv ut heile meldinga

Innhald

  1. Oppsummering av året med utgangspunkt i "Plan for utvikling av biblioteket 2003 -2005"
  2. Ombygging og fornying av innreiing og utstyr
  3. Økonomioversikt
  4. Statistikk over samlingane, tilvekst, utlån og besøk
  5. Biblioteket si verksemd målt etter Riksbibliotektjenesten sine kvalitets- og resultat-indikatorar
  6. Intern aktivitet; personaloversikt, kompetanse-utvikling, representasjon i styre, råd, både eksternt og internt
  7. Aktivitet ut frå biblioteket; brukaropplæring, føredrag, og prosjekt

1. Oppsummering av året med utgangspunkt i "Plan for utvikling av biblioteket 2003 -2005"

Det har vore eit stabilt og godt år for bibliotektenesta ved Høgskolen i Bergen.

"Plan for utvikling av biblioteket 2003-2005" vart ferdig tidleg på året, og planen har vore ein aktiv styringsreiskap for arbeidet ved biblioteka.  

I planen er det skissert opp tre satsingsområde:

  • elektroniske informasjonsressursar
  • informasjonskompetanse
  • kvalitetsstyring

Både sentralt og ved dei fem studiestadsbiblioteka har ein jobba med dei tre satsingsområda, og eit merkbart utviklingsarbeid med utgangspunkt i planen har funne stad.

Mellom anna er det tilsett prosjektleiar i full stilling som arbeider med tiltaka i planen. Stillinga er lagt direkte under hovudbibliotekar. Kostnader til stillinga vert dekka ved ei intern omjustering av bibliotekbudsjettet.  

Elektroniske informasjonsressursar:

I løpet av året har bibliotektenesta lagt mykje arbeid i å utreie og evaluere kva database- og tidskriftleverandørar som kan gje dei beste tilboda både i høve til pris, kvalitet og relevans. Tilgang på elektroniske informasjonsressursar er ein føresetnad for å halde seg fagleg oppdatert og å drive forskningsbasert undervisning. Det har skjedd ei omfattande utviding av tilbodet på elektroniske ressursar i universitets- og høgskulesektoren. Dette har resultert i at vi har valt å skifte tidsskriftleverandør for dei utanlandske tidsskrifta frå SWETS til EBSCO. I tillegg har høgskolen inngått ein lisensavtale for eit omfattande EBSCO - abonnement på gode basar innom fagområde som høgskolen underviser i.

Utifrå talmateriale bibliotektenesta rår over, kan vi vise til ein auke i bruken av dei elektroniske informasjonsressursane. Talet på søk i BIBSYS har auka til 156.000 i 2003 mot 150.000 i 2002. Talet på søk i referansedatabasane bibliotektenesta tilbyr, har stege frå 26.000 i 2002 til 31.547 søk i 2003. I tillegg kjem nedlasting frå fulltekstdatabasar med 5.240 nedlastingar av fulltekstdokument. Diverre er det ikkje alle databasar som kan levere eksakt brukarstatistikk.

Bibliotektenesta brukte kr. 119 pr. student/tilsett på elektroniske ressursar i 2003 mot kr. 47 i 2002.

Informasjonskompetanse:

Å gje studentane informasjonskompetanse er ei viktig arbeidsoppgåve for bibliotektenesta.

Ved studiestadsbiblioteka vert det tilbydd ulike typar av brukaropplæring, alt frå den første introduksjonen til BIBSYS for heile klassen, til eigne opplegg som vert utforma for å passe til einskilde studentar og tilsette. I tillegg til opplæring i grunnutdanningane gjev biblioteka opplæring til studentar på vidareutdanningar og oppdragskurs. Slike opplegg er ofte svært tidkrevande og krev spisskompetanse frå personalet si side.

Det vert gjeve opplæring i litteratursøking, kjeldekritikk og bruk av ulike databasar, i tillegg til generell opplæring i bruk av biblioteket.

I 2003 vart det brukt 323 timar på brukaropplæring til studentar og tilsette, mot 244 timar året før. I tillegg kjem tid brukt på førebuing.

Frå januar 2003 har alle studiestadsbiblioteka ført statistikk over brukaropplæring på eige skjema. Både for å kunne visa til kor mykje tid som går med til brukaropplæring, men også for å kunne lettare evaluere og sjå kva type brukaropplæring som vert gjeve ved dei ulike studiestadsbiblioteka.


Våren/sommaren 2003 vart heimesidene til bibliotektenesta omarbeidde for å harmoniseras med Høgskolen i Bergen sin standard på området. Arbeidet skjedde i samarbeid med den sentrale webredaktøren ved høgskolen og Mediesenteret. I samband med med omorganisering av sidene, vart også rammene for biblioteket sitt webarbeid vurdert. Resultatet blei at hovudbibliotekaren i samarbeid med personalet peika ut ein webredaktør som gjennom ein omjustering av stillingsressursane fekk øyremerkt 25% av stillinga si til å styre og koordinere arbeidet med biblioteket sine heimesider. Til støtte vart det oppnemnd ein webredaksjon med ein representant frå kvar avdeling.

Det er utarbeidd eiga årsmelding for webredaksjonen.

Biblioteket sine heimesider er mellom dei mest besøkte i heile høgskoleweb'en. Frå 2004 vil det føreligge meir eksakte tal for bruken.

Kvalitetsstyring:

Prosjektleiaren som er tilsett for å følgje opp bibliotekplanen har nytta ein stor del av stillinga si til å jobbe med høgskolen sitt nye kvalitetsstyringssystem. Ho har vore medlem av den sentrale prosjektgruppa. Mellom anna har ho utstyrt kvart studiestadsbibliotek med informasjonssøyler der nytt om kvalitetsarbeidet jamnleg vert stilt ut. Vidare har ho arbeidd med å få eit utval av bibliotekrutinene passa inn i høgskolen sitt sentrale kvalitetssystem.

til toppen

 
2. Ombygging og fornying av innreiing og utstyr

I løpet av året er det gjort ein gjennomgåande fornying og oppgradering av PC'ane i biblioteka. Arbeidet vil halde fram dei første månadane på nyåret. Spesielt er det satsa på publikumsmaskinene, og alle desse er no utstyrte med flatskjermar.  

Med utgangspunkt i kvalitetsreforma og krav om varierte arbeidsformer har det vore gjort somme endringar i dei fysiske tilhøva på biblioteka. Skrankane i Møllendalsveien og på Nordnes er ombygde, medan på Nygård er det skaffa ny skranke. Desse ombyggingane er gjort for å tilpasse biblioteket til meir pedagogisk rettleiing og for å gje plass til fleire gruppearbeidsplassar til studentane.

til toppen

3. Økonomioversikt

Rekneskap 2000 - 2003: (I heile 1000 kroner)

 

2000

2001

2002

2003

Medieutgifter

+ Info.tenester

1.598
+ 327
= 1.925

1.787
+ 152
= 1.939

2.004
+ 407
= 2.411

2.370
+450
=2.820

Løn

6.137

6.137

6.412

7.911

Andre utg.

939

1.127

1.127

1.489

Sum

9.001
9.430
10.422
12.220

Medieutgifter er innkjøp av bøker og periodika.
Infotenester er utgifter til søk i databasar, fotokopier o.a.
Andre utgifter er BIBSYS, datautgifter og reiser.

til toppen

4

. Statistikk over samlingane, tilvekst, utlån og besøk

4.1 Samlingane 200-2003

 

2000

2001

2002

2003

Bøker/tidsskr.

79082

85.185/125.000*

85.732/127.132*

129.527

Tilvekst

4300

4279

4486

5124

Kassert

581

1292/2122*

1228/1674*

2729

Løpande periodika

1108

925

927

869

Tala merka med * er det som er innrapportert i RBT-statistikken for 2001 og 2002, dei første tala kjem frå BIBSYS-statistikken.

 

Avdelingsvis oversikt over samlingane pr. 31.12.2003

Studiestad

Tidsskrift

Tilvekst

Kassert/
tapt

Total mediebestand

HiB/Hauk

142

1026

864+490

15.060

HiB/Land

269

2286

163+173

66.162

HiB/Møll

81

445

334

9.229

HiB/Nord

188

723

182

15.966

HiB/Nyg

300

829

182

23.437


4.2. Utlån 2000 - 2003

 

2000

2001

2002

2003

Totalt utlån

87.330

87.215

88.019*

89.261

Fjernlån

2.419

2.641

2.427

2.629

Innlån

4.171

3.689

3.714

3.488

* med manuelle lån

Utlån studiestad 2000 - 2003

Studiestad/år

2000

2001

2002

2003

HiB/Hauk

14.397

15.344

14.411

14.768

HiB/Land

33.303

34.261

35.586

36.983

HiB/Møll

15.529

18.415

18.086

18.029

HiB/Nord

16.320

16.142

16.163

16.429

HiB/Nyg

10.436

9.803

9.354

9.231

Bruk av utlånsautomat

Utlånsautomatane ved biblioteka på Landås og i Møllendalsveien vart installert i mai 2002. Ein har no bak seg eit heilt driftsår med bruk av automatane. Det er ulike erfaringar med bruken. Det er berre nye lån som kan gjerast, alle fornyingar må fortsatt skje ved betjent skranke eller via Mitt Bibsys. Dette gjer at tala ikkje viser den faktiske bruken av automatane. Med i totalutlånet er både fornyingar, lån til eksterne bibliotek og einskilde brukarar som ikkje er student/tilsett ved Høgskolen i Bergen. Bibsysstatistikken fordelar ikkje automatlån på brukarkategoriar, og vi kan dirfor ikkje samanlikne automatbruken mellom studentar og tilsette.

Automatane krev at strekkode-etikettane er plassert på rett stad på bøkene, og vidare er det problem med lesing av gamle strekkodar.

Statistikk utlånsautomatar Høgskolen i Bergen 2002-2003

 

 

2002

 

 

2003

 

 

Utlån på automat

Totalt utlån

Prosentvis

Utlån på automat

Totalt utlån

Prosentvis

Landås

2587*

35.586

7,3%

7526

36.983

20,3%

Møllendalsveien

2347**

18.086

13%

4780

18.029

26,5%

Totalt

4934

88.019

5,6%

12306

89.261

13,8%


* I drift frå august 2002

** I drift frå mai 2002

Besøksstatistikk fordelt på studiestad 2003

Studiestad

Registrerte besøk

HiB/Hauk

32.670

HiB/Land

116.606

HiB/Møll

31.049

HiB/Nord

50.000*

HiB/Nyg

 

Totalt

230.325

* Estimerte tal

I januar 2003 byrja alle studiestadbiblioteka å føre statistikk over talet på besøkande kvar dag.

Alle biblioteka har alarmport med teljeapparat, men det er eit problem angåande gjennomgangstrafikk, spesielt for Nygård, men også for Nordnes. Difor har Nygård valt å ikkje levere besøksstatistikk for 2003.

Vi har valt å føre statistikk kl. 16.00 og ved stengetid kvar dag (kl. 18.00 eller kl. 19.00).

Logging av besøksstatistikk vil halde fram i 2004.

til toppen

5. Biblioteket si verksemd målt etter Riksbibliotektjenesten sine kvalitets- og resultat-indikatorar

5.1. Kva er kvalitets- og resultatindikatorar?

Indikatorane vart utarbeidd i 2001.
Kvalitets- og resultatindikatorar er tenkt som eit verktøy ved ein institusjon sitt interne kvalitetsarbeid, men kan også nyttast ved intern/ekstern evaluering av institusjonen som heilskap. Indikatorane er dessutan meint som eit verktøy til å tydeleggjere ressursbruken til biblioteket, kva tenester som vert tilbydd, korleis tenestene vert nytta, og korleis analoge og digitale bibliotektenester vert integrert i den faglege verksemda. Det er i alt utarbeidd 18 indikatorar frå RBT. Hausten 2003 byrja ABM-utvikling eit revisjons- og vidareutviklingsarbeid om indikatorane.

Bibliotektenesta ved Høgskolen har nytta indikatorane sidan 2001, og har prøvd ut 5 av desse.

5.2. Biblioteket sine utgifter til løn og innkjøp/tilgang av media i høve til institusjonen sin totalrekneskap

A/B x 100% der

A=Biblioteket sine utgifter til løn og innkjøp/tilgang (her definert som utgifter til medie- og informasjonstenester)
B= Institusjonen sine totale utgifter. Tala er henta frå DBH (Database for statistikk om høgre utdanning)
Summane er i heile 1000 kr.

 

1999

2000

2001

2002

2003

A

8.528 kr

8.062 kr

8.303 kr

8.823 kr

10.731 kr

B

344.095 kr

359.650 kr

367.930 kr

399.299 kr

439.682 kr

Indikator
A/B x 100 %

2.47 %
2.24 %
2.25 %
2.21 %
2.44 %

5.3. Biblioteket sine totale utgifter pr. person i målgruppa

Med målgruppe meiner ein her talet på studentar ved høgskolen, samt talet på tilsette. Det er ikkje rekna med andre lånarar, berre primærgruppene til biblioteket. Studentar ved oppdragskurs er heller ikkje rekna med i talet på studentar. Persontalet i målgruppa er henta frå Database for statistikk om høgre utdanning.

For 2003 var det registrert 5747 studentar (haust) og 527 tilsette, tilsaman 6284 i målgruppa.

Indikator: A/B der

A= Totale utgifter i biblioteket
B= Talet på personar i målgruppa (studentar + tilsette)

 

1999

2000

2001

2002

2003

A

8.528 kr.

9.001 kr.

9.430 kr.

10.422 kr.

12.220 kr

B

5860

5904

5700

6254

6284

Indikator A/B

1.455 kr.
1.524 kr.
1.654 kr.
1.666 kr.
1.941 kr.

5.4. Medierekneskap fordelt på talet personar i målgruppa

Indikator: A/B der
A= Biblioteket sine utgifter til innkjøp/tilgang, her definert som utgifter til medie- og informasjonstenester
B= Talet på personar i målgruppa (studentar + tilsette)

 

1999

2000

2001

2002

2003

A

1.953 kr

1.925 kr

1.939 kr

2.411 kr

2.820 kr

B

5860

5904

5700

6254

6284

Indikator A/B

333.27 kr
326.05 kr
340.17 kr
385.51 kr
448.75 kr

5.5 Del av biblioteket sine utgifter til innkjøp/tilgang brukt på elektroniske ressursar

Indikator: A/B x 100% der
A: Utgifter for tilgang til elektroniske ressursar. (Med dette meiner ein abonnement, lisensar, konsortiumutgifter osb.)
B: Biblioteket sine utgifter til innkjøp/tilgang
I 1000 kr

  2002 2003
A 294 750
B 2411 2820
Indikator A/B x 100% 12,2% 26,6%

Denne tabellen viser tydeleg at biblioteket har satsa på elektroniske informasjonsressursar siste året. Prosentandelen er meir enn fordobla og bibliotektenesta brukar no 119,35 kr pr. student/tilsett på elektroniske ressursar mot kr. 47 i 2002 .

5.6 Høvet mellom utgifter til innkjøp/tilgang og til løn

Indikator: A/B der
A= Biblioteket sine utgifter til innkjøp/tilgang
B= Biblioteket sine utgifter til løn

 

1999

2000

2001

2002

2003

A

1.953 kr

1.925 kr

1.939 kr

2.411 kr

2.820 kr

B

6.575 kr

6.137 kr

6.363 kr

6.412 kr

7.911 kr

Indikator A/B 0.29

0.31

0.30

0.37

0.35

til toppen

6. Intern aktivitet; personaloversikt, kompetanse-utvikling, representasjon i styre, råd, både eksternt og internt

6.1. Personaloversikt

Ved dei fem avdelingsbiblioteka er det tilsett til saman 23 personar, av desse 15 i bibliotekfagleg stilling og 8 i annan stilling. Det er då ikkje rekna med studentvakter og annan periodisk ekstrahjelp.

Personalsituasjonen er god og stabil. Mellombels tilsette har fått fast stilling, og det har gått føre seg ein del interne overføringar av personale mellom studiestadsbiblioteka med sikte på faste løysingar i samsvar med arbeidsmengde og behov.

6.2. Kompetanseutvikling

Personalet har delteke på ei rekke ulike kurs og kompetansetiltak.

Av dei viktigaste skal nemnast:

Gro Instebø tok del i det stalege programmet for nordisk tenestemannsutveksling., og var våren 2003 6 veker gjestebibliotekar ved Luleå universitetsbibliotek, Sverige. Der jobba ho særskilt med: Handsaming av studentoppgåver, og intranett.

Gunhild Austrheim er i gang med Masterstudiet i Dokumentasjonsvitenskap ved Universitet i Tromsø og har fått økonomisk støtte til å delta ved 7 samlingar.

Turid Hitland tek ei kvartårseining i Web-publisering for bibliotektilsette i regi av Mediesenteret. Biblioteket dekkjer alle kostnader. Starta hausten 2003.

Bård Seterårs tek del i halvårseining i "Bibliotek, informasjon og samfunn" ved Avdeling for lærarutdanning. Biblioteket dekkjer kostnadane. Starta hausten 2003.

Også i 2003 hadde biblioteket ein representant på Nordisk sommerskole for bibliotekarer i Oslo. "Summer in the City"

Det har vore 4 personalsamlingar for heile personalet i løpet av året:

7.februar: TEMA: Arbeid med bibliotekplan.

25.februar: Fagseminar med bibliotek og fagleg/administrativ leiing.

11.juni: TEMA: Verksemdplanlegging for avdelingane med utgangspunkt i biblioteket sin utviklingsplan.

16.desember TEMA: Presentasjon av faget "Dokumentasjonsvitenskap ved Universitet i Tromsø", Status for arbeidet med Kvalitetsstyring og biblioteket si involvering, samt rapport frå avdelingane knytta til oppfølging av bibliotekplanen

I tillegg deltek bibliotekpersonalet ved personalseminara som vert arrangert ved dei ulike avdelingane.

6.3. Representasjon i styre, råd og utval

Internasjonale: Chair i Section of School Libraries and Resource Centres: Tove Pemmer Sætre til og med 1. sept. 2003

Nasjonale: Bibsys:
Medlem i Rådet: Tove Pemmer Sætre
Medlem i Referansegruppe for akkvisisjon: Ingvild Monsen - Nordnes
Medlem i Referansegruppe for samlingar: Torild Tveit - Landås
Nestleder i Referansegruppe dokumentlevering: Kirsten Kårdal - Nygård
Medlem i Fagredaksjonen for musikk, scenekunst i BIBSYS-emneportal: Torild Tveit
Medlem i Fagredaksjonen i BIBSYS-emneportal: Gro H. Instebø

Nasjonale: Norsk bibliotekforening
Leiar i Utvalg for utdanning og forskning: Tove Pemmer Sætre
Medlem i virkeplangruppe 2004-2006: Turid Hitland

Læringssenteret:
Medlem i ressursgruppe for operasjonalisering av den statlege handlingsplanen: "Gi rom for lesing": Tove Pemmer Sætre. Medlem i samarbeidsgrupper mellom Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Agder og Høgskolen i Bergen som jobber med : Kursing av lærere i lærerutdanning i temaet "Informasjonskompetanse": Anne Brunes og Tove Pemmer Sætre. Tiltaket er finansiert av Læringssenteret.

Andre:
Leder i Brukerutvalg for Bibliotek og IKT - nytt høgskolebygg på Kronstad: Tove Pemmer Sætre
Medlem i arbeidsgruppe i ABM-utvikling om nye resultatindikatorer: Irene Hunskår
Styremedlem NFF avd. Bergen: Turid Hitland
Styremedlem NFF avd. Bergen: Marianne Caspersen
Nestleder i NFF sentralt: Eva Gjuvsland
Vararepresentant til Høgskolens styre (til 1.aug) Gro H. Instebø
Høgskoleråd for Høgskolen i Bergen, medlem (vårsemesteret) Malmfrid Sletteland

Ein stor del av bibliotekpersonalet har i tillegg delteke i diverse utval internt i høgskolen.

til toppen

 

7. Aktivitet ut frå biblioteket; brukaropplæring, føredrag, og prosjekt

7.1. Brukaropplæring

Frå januar 2003 har alle studiestadbiblioteka ført statistikk over brukaropplæring på eige skjema. Både for å kunne visa til kor mykje tid ein brukar til brukaropplæring, men også for å kunne lettare evaluere og sjå kva type brukaropplæring som vert gjeve ved dei ulike studiestadbiblioteka.

 

Førebuing

Undervisning

Totalt

HiB/HAUK

12

61

73

HiB/LAND

70

62

132

HiB/MØLL

33

93

126

HiB/NORD

39

61

100

HiB/NYG

 

46

46

Totalt

154

323

477

Det har vore ein betydeleg auke i brukaropplæringa frå 2002 til 2003. I 2002 var det registrert 244 timar med brukaropplæring. For 2003 er det registrert heile 323 timar direkte undervisning, ein auke på 32 % frå året før.

7.2. Føredrag

Tove Pemmer Sætre heldt våren 2003 to heildagskurs i "bibliotekpedagogikk" for bibliotekarar og pedagogar i Trøndelagsfylka.

Tove Pemmer Sætre hadde to føredrag på regional skolebibliotek-konferanse for Sørøst- Asia i Bangkok, september 2003.

Gunhild Austrheim heldt 0innlegg på NFF-seminar 3.november i Bergen om "Biblioteket i nettklasserommet - nokre erfaringar frå Høgskolen i Bergen".

Anne Brunes heldt innlegg på hovedbibliotekarmøtet under Bibsys vårmøte i Bergen om informasjonskompetanse.

7.3. Prosjekt

Kompetansekatalogen.

Gunhild Austrheim utførte eit viktig systematiseringsarbeid i førebuing av den nye nett-baserte kompetansekatalogen for høgskolen.

Bibsys vårmøte 2003

5. - 9. mai vart det nasjonale møtet arrangert i Bergen med omlag 400 deltakarar. Høgskolen var lokal arrangør og lukkast i å legge ei sosial ramme om tilskipinga som markerte høgskolen på ein sers positiv måte.

Kvalitetssikringssystemet Sherpa.

Kirsten Kårdal har tatt del i hovedprosjektgruppe for implementering av nytt kvalitetssikringssystem ved høgskolen. Samstundes har ho arbeidd med å leggje til rette bibliotekrutinar for det elektroniske systemet SHERPA.

Talestyrt biblioteksystem

Kirsten Kårdal har vore medlem av styringsgruppa for eit bibliotekprosjekt knytta til det nordiske språkteknologimiljøet på Voss. Målet var å lage ein prototype på eit talestyrt biblioteksystem. Prosjektet vart fullført hausten 2003.

Bibliotekutdanning.

Tove Pemmer Sætre er fagansvarleg og prosjektleiar for halvårseininga "Bibliotek, informasjon og samfunn" som vert arrangert av Avdeling for lærarutdanning skuleåret 2003-04 med 24 studentar.

18.mars 2004.

til toppen


Årsmelding 2002

Eva Gjuvsland
Sist endret: 19.04.2004

Sist endret: 16.09.2008