Informantar til intervju
I vårsemesteret 2011 vert det gjennomført ei brukarundersøking av tre norske nettstadar om informasjonssøking og oppgåveskriving. Nettstadane er utvikla av bibliotek i høgare utdanning. Det bergenske bidraget er Søk & Skriv som er utvikla av Høgskolen i Bergen, Norges Handelshøyskole og Universitetet i Bergen. Alle nettstadane har statistiske data for bruk. I denne undersøkinga er det difor fokus på kvalitative data. I samband med dette vil dei gjerne intervjua studentar og faglege tilsette ved HiB si lærarutdanning.
Studentar:
Føremålet med intervjuet er å finna ut korleis du som student brukar Søk & Skriv eller liknande nettstadar, og om bruken av slike nettstadar inngår i arbeidet med oppgåveskriving eller meir generelt i studiearbeidet ditt.
Intervjua skal finna stad 23. mars 2011 på Landås.
Faglege tilsette:
Føremålet med intervjuet er å finna ut kva krav du stiller til studentane sin bruk informasjons- og litteraturbruk, og kva oppfatning du har om studentane sin informasjonskompetanse i samband med oppgåveskriving og prosjektarbeid. Me er òg interessert i kva inntrykk du har i høve til om studentar brukar nettstadar som Søk & Skriv. Til sist vil me gjerne høyra kva du meinar bibliotek kan bidra med når det gjeld studentar og oppgåveskriving.
Intervjua skal finna stad 24. mars 2011 på Landås
Kvart intervju vil ta om lag 1 time.
Alle informantar vil få eit gåvekort på 150 kr frå platebutikken Apollon som takk for hjelpa.
Interesserte kan melda seg i skranken på biblioteket, Landås
eller på e-post til Gunhild Austrheim, gau@hib.no
Dei andre norske nettstadane som skal evaluerast er VIKO frå NTNU og råd&VINK frå Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Telemark. Brukarundersøkinga blir utført av forskingseininga ved Det Informationsvidenskabelige Akademi i København på oppdrag frå dei norske institusjonane. Prosjektet har fått namnet SALLY. Oppdragsinstitusjonane har fått midlar frå ABM-utvikling i 2010 for å gjennomføra undersøkinga.
Sist endret: 03.03.2011

