Ebrary - elektroniske bøker
Biblioteket har no teikna abonnement på Ebrary.
Dette er ein database som nett no inneheld ca 15000 bøker frå svært mange velkjende utanlandske forlag, og som du no får elektronisk tilgang til. Du kan altså sitja ved Pc'en din og lesa heile boka om du vil.
Du finn ebrary under Elektroniske tidsskrifter og bøker og'Databaser i venstremargen vår. For å koma i gang føl du rettleiinga som kjem opp. Når du har installert ebrary Reader er du klar til å søke.
Du kan også søke i ebrary via BIBSYS . I trefflista ved BIBSYS-søk er dei elektroniske bøkene merka med ein grøn E, og ved å klikka på denne og deretter på ebrary i det neste skjermbiletet, så får du teksten på skjermen og du kan lesa, skriva ut, kommentere, opprette ditt eige bibliotek og søke vidare på alt du finn av interesse.
Enkel søkerettleiing
Velkommen til eit bibliotek - tilgjengeleg heile døgnet og utan lånefristar!
Sist endret: 25.05.2011
