Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Logo for Høgskulen på Vestlandet

Den nye Høgskulen på Vestlandet

1. januar 2017 blir vi Høgskulen på Vestlandet. Studentweb opnar for registrering samme dag.

Frist for semesterregistrering vår 2017 er 1. februar.

Studentbevis som app

Med studentbevisappen har du med deg beviset på din studentstatus på mobilen.
Alle studentar har eit studentkort som fungerer som adgangskort på sin studiestad, lånekort på biblioteket og pålogging til skrivarane, men har du studentbevisappen treng du ikkje semestermerke på studentkortet.

Les meir om Studentbevisappen.

Ny forskrift om studium og eksamen

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet ble vedtatt av interimstyret 21. desember. Denne forskrifta regulerer mange viktige områder som til dømes studierett, eksamen og vitnemål. Dette er ting som kan skapa konsekvensar for eksisterande studentar frå og med vårsemesteret 2017.

Forskrifta er sendt til publisering på www.lovdata.no, men det tek litt tid frå innmelding hjå Lovdata til forskrifta er publisert. Forskrifta ligg inntil vidare på www.hvl.no/om/sentrale-dokument/reglar.

Høgskulen vil om kort tid følgje opp med informasjon om konsekvensar i kvar av dei tre nærregionane.

Velkommen til di nye nettside!

Før nyttår publiserer Høgskulen på Vestlandet (HVL) nye nettsider for studentar: https://www.hvl.no/student/. Her kan du finne informasjonen du treng som student ved HVL.