Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
sykepleierstudenter
Britt Helen Grindheim, Amanda Bø Fjell og Vigdis Eva Gudmundsdottir jobbar for å gjere tilbodet om gratis HPV-vaksine kjend blant studentane. Foto: Ingrid Hope Leirvåg.

Slår eit slag for HPV-vaksina

25. oktober arrangerer ei gruppe sjukepleiarstudentar HPV-dag ved høgskulen. Målet er å gjere tilbodet om gratis HPV-vaksine kjend blant studentane og auke kunnskapen om viruset.

– Mange veit altfor lite om kva HPV-viruset er, fortel sjukepleiarstudent Britt Helen Grindheim.

Saman med Marianne Jørs, Amanda Bø Fjell, Vigdis Gudmundsdottir og Monica Helen Sæle Kårstad har ho HPV-vaksina som prosjekt i faget helsefremjande og førebyggande sjukepleie.

Fra 1. november blir  HPV-vaksina gratis for alle jenter fødd frå og med 1991. Tilbodet vil gjelde i to år. Prosjektet til studentane er å informere om dette tilbodet. 

Avliver mytar

Gjennom informasjon i ulike kanalar forsøker også studentane å avlive ein del mytar.

– Nokre trur til dømes at ein ikkje kan ta vaksina dersom ein har debutert seksuelt. Dette stemmer ikkje. Faren for smitte aukar med antal seksualpartnarar. Difor kan det vere lurt å ta vaksina, fortel dei. 

– Vanlegvis kostar vaksina 3500 kr, så her er det mykje å spare for dei som vil nytte seg av tilbodet. I tillegg er det ei enkel investering for eiga framtidig helse, legg dei til.

HPV er den vanlegaste seksuelle overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som vert smitta veit ikkje at dei har hatt ein infeksjon fordi den vanlegvis ikkje gir symptom. I de fleste tilfella går infeksjonen over av seg sjølv, men den kan føre til celleforandringar og kreft, som oftast livmorhalskreft. Kvart år får ca. 300 kvinner livmorhalskreft og 75 -100 dør av denne kreftforma. HPV-viruset kan også føre til kreft hos menn, men så langt gjeld ikkje vaksinsasjonstilbodet for den mannlege delen av befolkninga. 

HPV-dag

25. oktober arrangerer sjukepleiestudentane HPV-dag ved Høgskulen i Bergen der temaet blir sett på dagsorden. 

– Vi inviterer til ope føredrag med overlege og HPV-ekspert Sveinung Sørbye. Nokre studentar skal også vaksinere seg "live" på scena. I tillegg blir det stands og litt å bite i. 

I Norge blir vaksina gitt til jenter i sjuande klasse. Men sidan den ble innført i 2009, har fagfolk tatt til orde for at eldre jenter også burde fått tilbodet. Vaksina som vert tilbydd frå 1. november er ei såkalla opphentingsvaksine, som betyr at jentene som var for gamle til å få vaksina då den ble innført i 2009, får tilbodet no.

Programmet vert koordinert av Folkehelseinstituttet. Sjølve vaksinasjonen blir organsiert i kommunane.