Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
messe1280.jpg

Bli studentambassadør!

Vil du jobbe med rekruttering? Høgskolen i Bergen er frå 1. januar ein del av den nye Høgskulen på Vestlandet. Vi treng studentar som kan vere med i rekrutteringsarbeidet vårt - også deg som er student i Bergen.

Er du utadvent, pliktoppfyllande og samarbeidsvillig, og likar å studere her? Då kan du vere den rette studentambassadøren for oss.

Som studentambassadør får du delta på skulebesøk og utdanningsmesser i januar-februar 2017. Du får dekt alle reise- og hotellutgifter i tillegg til løn. Vi treng studentar frå ulike fagområde. Du vil få opplæring i løpet av november 2016.

Skulebesøka er organisert som fylkesvise turnear, der du reiser saman med studentar frå fleire andre høgskular og universitet. Turneane varer i to til fire veker og du må rekne med å vere på reise i heile eller delar av perioden.

Du bør vere:

  • Utadvendt og like å snakke med folk, også for forsamlingar
  • Sosial, kreativ, positiv og pliktoppfyllande
  • Like å jobbe saman med andre
  • Fleksibel med tanke på å reise på skulebesøk og messer.

Du får:

  • Løn etter avtale
  • Gode vener
  • Lære deg presentasjonsteknikk
  • Attest for ambassadørjobbinga frå høgskulen.

Søknaden bør innehalde:

  • Namn
  • Alder
  • Telefonnummer
  • Studium
  • Kvar du er frå
  • Erfaring/verv
  • Skriv kort om deg sjølv
  • Om du har sertifikat, klasse B
  • Kva datoar du har eksamen hausten 2016.

Du kan bli kalla inn til intervju i veke 44. Dei som blir studentambassadørar har obligatorisk kursing i veke 46.

Send søknad innan 25. oktober til rekrutteringsansvarleg Unni Beite Rogvin, mail: ubro@hib.no. Ho kan du også kontakte om du har spørsmål - på telefon 55 58 71 54.