Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Brukarrettleiingar digital eksamen

Innlogging: wiseflow.hib.no

Informasjon om kva WISEflow kan brukast til.

Generell rettleiing til WISEflow for alle brukargrupper.

Det er best å bruke dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari når du arbeider i WISEflow. 

Alle tilsette og studentar ved HVL kan logge seg inn i WISEflow for å sjå korleis det ser ut, og gjennomføre demo-eksamen så mange gonger ein vil. 

English user manuals is available here. Information for how to change your WISEflowprofile into English is available here

Heimeeksamen og oppgåveinnlevering

Du finn tidspunktet for innlevering i WISEflow. 

Brukarrettleiing for studentar

MERK at dette gjeld innlevering av eksamensoppgåver, det vil seie der resultatet kjem på vitnemålet. Oppgåver som er eit obligatorisk arbeidskrav skal leverast som tidlegare, til dømes i itslearning.

Denne brukarrettleiinga gjeld også ved skuleeksamen med tillatte hjelpemiddel.

Dersom ein opplever problemer i samband med digital innlevering, send ein e-post til eksamen.bergen@hvl.no så hjelper me deg vidare. Du kan også ta kontakt med orakeltjenesten.

Skuleeksamen

På skuleeksamenar der ein kan bruke hjelpemiddel vil WISEflow fungere på same måte som ved heimeeksamen, sjå rettleiing over.

Du kan sjå i StudentWeb om eksamenen din er digital. Det vil då stå merknad om det er digital skoleeksamen på det enkelte emnet du er oppmeldt til.

På lenkane under kan ein finne informasjon som gjeld skuleeksamen utan hjelpemiddel. Dette fungerer slik at studenten lastar ned ein nettlesar som låser datamaskina til ein eigen nettlesar, kalla FLOWlock.

Krav til utstyr

Før eksamen

På eksamensdagen

Gjennomføring av digital skoleeksamen

Til deg som har tilrettelagt eksamen med PC og retteprogram: Det vil ikkje være mogeleg å bruke hjelpemidlar som Textpilot eller Word retteprogram under digital eksamen i WISEflow.

Dersom ein i eit emne med digital eksamen ikkje ynskjer å gjennomføre eksamen på datamaskin, men på papir, må ein søkje om det. 

Informasjon og søknadsskjema for tilrettelagt eksamen finn ein her

For tilsette

Brukarrettleiing for faglærar

Brukarrettleiing for sensorar

Brukarrettleiing for praksislærar - Avdeling for lærarutdanning