Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Digital eksamen

Høgskolen i Bergen etablerte våren 2015 ei prosjektgruppe som arbeider med utvikling av digitale vurderingsprosessar og eksamensavvikling ved Høgskolen. 

Målet for arbeidet er at alle faglege og administrative rutinar knytta til eksamensavvikling og vurdering skal bli digitale. Høgskolen i Bergen ynskjer at digital vurdering skal være innført ved alle høgskolen sine eksamenar innan 2019, der det er teneleg.

Høgskolen vil arbeide med digital vurdering på tre område:

Digital innlevering av heimeeksamen og oppgåver

Alle studentar leverer inn heimeeksamen og oppgåver digitalt. Det vil seie alle oppgåver som er del av ein eksamen. Høgskolen i Bergen nyttar WISEflow som teknisk løysing for dette. Oppgåver som er obligatoriske arbeidskrav og ikkje er anonyme skal leverast på same måte som tidlegare, til dømes i Its learning.

Sjå eiga side med brukarrettleiingar for studentar, faglærarar og sensorar.

Digital skuleeksamen

Høgskolen arbeider for at studentane skal kunne ha digital skuleeksamen i emne der det er teneleg. I dette arbeidet vil prosjektet innvolvere teknisk, administrativt og fagleg tilsette slik at alle delar av vurderingsarbeidet blir ivaretatt på best mogeleg måte i overgangen til eit digitalt system. Ein auke til fullskala digital skuleeksamen vil skje så raskt som det er fagleg forsvarleg og teknisk gjennomførbart. Hausten 2015 gjennomførte ein digital skuleeksamen i 15 emne, våren 2016 i 44 emne og ein planlegg å auke antallet hausten 2016. Høgskolen i Bergen nyttar i dag ulike tekniske løysingar til dette, mellom anna WISEflow og bruk av minnepinne.

Vidareutvikling av vurderingsformer 

Digitale verktøy kan opne opp for utvikling av nye og eksisterande vurderingsformer. Ved Høgskolen er det allereie ei rekkje ulike vurderingsformer i bruk, men nokre studieprogram har større variasjon enn andre. Skriftleg skuleeksamen utgjer omlag 50 % av alle sluttvurderingar ved Høgskolen.

Døme på mogelege vurderingsformer kan være:

  • Heimeeksamen, ein dag eller fleire
  • Prosjektoppgåve
  • Semesteroppgåve
  • Fleirvalsprøvar (multiple choice)
  • Mappeinnlevering
  • Munnleg eksamen
  • Praktisk eksamen
  • Open bok-eksamen med bruk av internett og/eller andre digitale verktøy, men med tilsyn
  • Case-eksamen, til dømes ved bruk av video og/eller lyd

Ein kan finne inspirasjon til arbeidet mellom anna på denne sida.

Dette vil vere ein viktig del av Høgskolen sitt faglege arbeid med digital vurdering og vil verte leia av prodekan for utdanning ved dei tre avdelingane.

Høgskolen i Bergen deltar i det nasjonale arbeidet med digital eksamen gjennom UNINETT.