Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Praksis i grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn

I grunnskulelærarutdanninga skal du gjennomføre minimum 100 dagar praksis. All praksis er obligatorisk.

Som student må du sette deg inn i retningslinjene for praksisopplæring og emneplan for aktuelt studieår. I desse dokumenta finn du mellom anna mål, innhald og vurderingskriterium for praksisopplæringa. 

Emneplanar

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

Som tillegg til emneplanar og retningslinjer har me utarbeidd råd om korleis du førebur deg til praksis. I dette dokumentet finn du også eksempel på skjema for planlegging av undervisning.

Praksis i utlandet våren 2018

Informasjon om praksis, søknadsskjema og kriterier.

Evaluering av praksis

Som student skal du evaluere praksis, både gjennom undersøkingar på It's learning og gjennom direkte tilbakemeldingar til praksislærar og praksisskule. Meir informasjon og evalueringsskjema finn du på sida for evaluering av praksis i grunnskulen.

Samordningsutval for praksis i grunnskulen

Samordningsutvalet for praksis i grunnskulen er eit rådgjevande organ som skal sikre at praksisopplæringa blir utvikla og betra i samarbeid mellom praksisskulane og høgskulen.