Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Bjørg Oddrun Hallås
- Det er mulig å vere fysisk aktiv utan å måtte oppsøke eit treningsstudio eller vere medlem i eit idrettslag, meiner Bjørg Oddrun Hallås. - Dugnadsarbeid er eit godt eksempel på fysisk aktivitet der ein får brukt kroppen og sveitta utan at ein nødvendigvis tenker at ein trenar.

God trening i ein dugnad

Engasjerer du deg på dugnad ute kan du få gratis trening med på kjøpet, meiner førstelektor Bjørg Oddrun Hallås.

Ho slår eit slag for den fysiske aktiviteten som ikkje nødvendigvis er innafor rammene av kva mange definerer som trening, men som kan ha like god effekt som ei treningsøkt på treningsstudio.

10. mai er den internasjonale aktivitetsdagen for fysisk aktivitet.

Kvardagsaktiviteten viktig

Bjørg Oddrun Hallås er opptatt av å løfte fram at svært mange kvardagsaktivitetar kan gi oss god belastning på kroppen og kan definerast innanfor ordet trening.

– Når folk spør deg om du trener, så svarar nokon nei, fordi dei tenker at dei ikkje er medlem på eit treningssenter eller i eit idrettslag. Men så kan det vere at dei utfører ulikt fysisk manuelt kroppsarbeid i kvardagen, både regelmessig og med god belastning, det kan ha ein treningseffekt, seier Hallås.

Ho vil at fleire skal bli bevisste på at det er mulig å vere fysisk aktiv utan å måtte oppsøke eit treningsstudio eller vere medlem i eit idrettslag.

Bruk kroppen – ikkje tenk trening

Og nå som dugnadssesongen er her, meiner Hallås at dugnadsarbeid i form av variert kroppsarbeid er eit godt eksempel på fysisk aktivitet der ein får brukt kroppen og sveitta utan at ein nødvendigvis tenker at ein trenar.

Dugnadsarbeid kan vere mykje forskjellig, men på denne årstida er det ofte fysisk arbeid ute i natur og kulturlandskap det handlar om. Det kan vere å vedlikehalde grøntområde, beskjære tre, koste, rake, fordele bark og grus, løfte fram benkar og bord og plukke søppel for å gjere felles nær- og bumiljø fint og trivelig.

– Det som er fint med dugnaden er at det ikkje er eit press om å prestere eller konkurrere, men at det å bidra for fellesskapet med si eiga arbeidskraft er motivasjonen. Mange som trenar på treningsstudio skal konkurrere med andre, dokumentere på sosiale media korleis det gjekk og kanskje slå nokre rekordar.

– Ein dugnad stiller ingen andre krav enn at folk i alle aldrar stiller opp og arbeider saman. Folk som stiller på dugnad har fortalt meg at det sosiale fellesskapet er viktig, at det å få det fint ute betyr mykje og at å bruke kroppen, som er skapt for bevegelse, gir ei god kjensle, fortel Hallås.

Kondisjonstrening å kjøre trillebårlass

Kva element er det i dugnaden som kan gi meg god trening?

– Ein aktivitet som å kjøre trillebårlass er med på å få opp pulsen. Det er god kondisjonstrening å gå fram og tilbake og kan bli som ei intervalløkt.

– Andre typiske aktivitetar er å spa på grus eller mold eller å stå og sage ned tre. Dersom ein sagar ned tre må ein også dra på greiner og tømmerstokkar. Det kan vere god styrketrening.

– Det beste med dugnaden er at det ofte gir ein veldig variert bruk av kroppen. Ein får brukt dei store muskelgruppene som mage, rygg, bein og armar. Dette er musklar som stabiliserer og som er viktige at vi bruker kvar einaste dag.

Blir støl og brukar nye musklar

Dugnaden inneber at ein gjer andre aktivitetar enn ein vanlegvis utfører. Resultatet kan vere at ein blir støl og kjenner at ein har musklar som ein ikkje har kjent eller brukt på ei stund. Det er bare fint for kroppen.

– Kanskje er det godt å kjenne at ein blir sveitt utan at ein stiller i treningstights, men i staden ei sliten dongeribukse og ei gammal jakke, seier Hallås.

– I dugnadsgjengen eg var med i for ei veke sidan var det mange som arbeidde hardt, og fleire kommenterte at det var godt å kjenne at sveitten rann og at ein hadde jobba og brukt kroppen.

Inkludèr barna  

Hallås meiner at også barna bør bli inkludert i dei vaksne sitt arbeid med dugnad.

– Foreldre må tenke at barna også kan vere med på dette. Det er utrulig kva dei klarer om dei bare får sleppe til.

På kva måte kan ein inkludere barna?

– Dei kan for eksempel bli sett til å dra på greiner, eller løfte ting og bære ting vekk. Dermed får dei gjort manuelt fysisk arbeid, og dersom barna også får klatre og leike litt innimellom så får dei og brukt overkroppen som ofte blir lite brukt.

– Ei anna viktig side ved dugnaden er at når menneske med ulike ferdigheiter og varierte erfaringar arbeider saman, så lærer ein av kvarandre. Det er kjekt å lære bruk av reiskaper eller varierte arbeidsteknikkar frå dei som levde i ei tid då dette var ein naturleg del av arbeid og fritid. Og den livsvisdommen, kunnskapen og ferdighetene som mange eldre menneske har kjem ofte fram i dugnadsprosjekt. 

Grøntområda - viktige arenaer for folkehelse

Bjørg Oddrun Hallås er opptatt av å sjå verdien av grøntområda i sitt eige nærmiljø og å lære liten og stor gleda ved å ta vare på desse områda.

Ho meiner grøntområde i nærmiljøet er viktige møteplassar. Både som arenaer for leik og læring, men også som stader kor folk har gode sanseopplevingar og der området gir muligheit for å vere fysisk aktiv. Lærarar og elevar treng slike arenaer til undervisning utandørs og barnehagar har behov for naturleikeplassar til variert aktivitet ute.

– Det er ikkje alle som kan gå opp på ein fjelltopp, men grøntområda i nærmiljøet er tilgjengeleg for alle.

– Det å ha tilgang til grøntområde har vist seg å gi lågare sosial ulikskap i helse, viser ein studie frå Storbritannia, refererer Hallås. Vedlikehaldne grøntområde stimulerer til fysisk aktivitet og kan vere stressreduserande, avsluttar Hallås.