Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Jordmorstudenter trener seg på å ta imot et barn under fødsel.
Jordmorstudentar kan glede seg over at utdanninga blir på mastergradsnivå. Biletet viser ein øvingssituasjon for jordmorstudentar på HiB. Illustrasjonsfoto: Marthe Berg-Olsen, HiB.

Jordmorutdanninga blir masterutdanning

Høgskulen har fått godkjent jordmorutdanninga som masterutdanning. Første opptak til masterutdanninga blir etter planen hausten 2017.

Torsdag kom svaret frå NOKUT om at utdanninga er mastergodkjent.

– Det er fantastisk av vi har fått dette til, seier instituttleiar Sissel Tollefsen. Vi har jobba lenge med dette, og utdanninga er viktig for oss. Det er den eldste utdanninga vi har ved HiB, seier ein glad og letta instituttleiar. 

Dekan for helse og sosialfag Monica Nortvedt er også tydeleg på at dette er ein viktig milepæl. 

– Dette er resultat av fleire års arbeid, der mange har vore involverte. Jordmorutdanninga er på eit høgt nivå og det er difor vesentleg for HiB at denne no er godkjent på mastergradsnivå.

Vil styrke jordmorfaget

– Det aller viktigaste med å få ein jordmormaster er at vi får masteroppgåver som er med på å utvikle fagfeltet. Ei anna side er at dei ferdigutdanna jordmødrene kan drive viktig fagleg utviklingsarbeid med den masterkompetansen dei får.  

– Masteren vil vere med på å styrke jordmorfaget, meiner Tollefsen. 

Same kliniske utdanning

Instituttleiaren presiserer at overgangen til masterutdanning ikkje vil ha noko å seie for den kliniske delen av utdanninga. 

– Studentane skal ha den same kliniske utdanninga som før, og bli like dyktige jordmødre. 

– Det som gjer masterutdanninga viktig for arbeidsplassane desse jordmødrene skal ut til, er at dei på bakgrunn av sin master kan drive fagleg utvikling, seier Tollefsen. 

Første opptak 2017

Når kan den nye masterutdanninga starte opp?

– Første ordinære opptak blir etter planen hausten 2017. Men me håpar at studentane me tok opp i haust skal få godkjend utdanninga si som masterutdanning. Studieprogrammet dei går på er jo lagt opp som ei masterutdanning, fordi vi har jobba målretta mot denne godkjenninga. 

– No ventar vi bare på ei endeleg avklaring frå Kunnskapsdepartementet på at studentane våre som starta i haust, kan få utdanninga si godkjend som masterutdanning, avsluttar instituttleiaren.