Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Trond Spurkeland
Vernepleiarstudent og løpsgeneral Trond Spurkeland håpar på mange deltakarar i motbakkeløpet for utviklingshemma 17. september. Foto: Ingrid Hope Leirvåg.

Arrangerer motbakkeløp for utviklingshemma

Motbakkeløp er i vinden som aldri før. Kvifor ikkje gi utviklingshemma same moglegheit til å delta som alle andre? tenkte vernepleiarstudent Trond Spurkeland.

Lørdag 17. september går det første motbakkeløpet for utviklingshemma av stabelen i "Kistekleiva opp". Løypa er vel 1 kilometer lang og startar i Munkebotn på Eidsvåg med mål rett før Langevatnet. 

Bak står initiativtakar, vernepleiarstudent og løpsentusiast Trond Spurkeland. Med seg som arrangør har han fått Bergen kommune. 

– Eg har sjølv delteke på mange motbakkeløp og tenkte det ville vore kjekt å kunne gi same tilbod til ei meir spissa gruppe. Dette er sosialt og gir høve til å delta på noko kjekt saman med andre. Her kan alle vere med, anten ein går, spring eller køyrer rullestol, fortel Trond. 

Det blir deltakarklassar både med og utan tidtaking. På toppen ventar premiar av ulike typar og litt mat og drikke. 

Trond har jobba med utviklingshemma i 13 år og har stort engasjement for det han held på med. 

– Både kollegaer og medstudentar skal delta som frivillege på arrangementet, men vi treng fleire. Interesserte kan berre ta kontakt med meg, oppfordrar han.