Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Vernepleiestudenter øver på forflytning på øvelsesposten. Foto: Marthe Berg-Olsen
Foto: Marthe Berg-Olsen

Ungdom strøymer til helse- og sosialfaga

Ved Høgskolen i Bergen er det lange ventelister til helse- og sosialfaga, og ei merkbart høgare poenggrense for å få studieplass.

Fysioterapiutdanninga og sjukepleiarutdanninga har tradisjonelt sett svært høge søkjartal, og dei siste åra er sosialt arbeid og vernepleiarutdanninga blitt stadig meir populære. Det same gjeld radiografutdanninga, og for alle desse utdanningane er nålauga trongare i 2016.

Populært å bli barnehagelærar

Også barnehagelærarutdanninga ved Høgskolen i Bergen har eit godt opptak i år. Her får  over 50 fleire søkjarar tilbod enn i fjor. Derimot var det ein venta nedgang for ingeniørutdanninga, men rektor Ole-Gunnar Søgnen understreker at det framleis er ventelister på seks av tolv utdanningar ved Avdeling for ingeniør- og økonomifag (AIØ). Mange vil bli bygg-, data,- elkraft- og maskiningeniør, medan utdanningane innan undervassteknologi  og marinteknikk merker ein klar reduksjon i talet på søkjarar i år.

– Det er klart at realitetane innan olje- og gassindustrien har påverka ungdomane sine val innan dei typiske petroleumsrelaterte faga. Det er likevel gledeleg at me fortset å ha ei solid gruppe studentar i undervassteknologi. Desse vil samfunnet ha bruk for i framtida, i takt med  teknologiutviklinga innanfor fornybar energi og  innan utnytting havressursane, seier Søgnen.

Færre vil bli grunnskulelærar

Lærarutdanninga ved høgskulen ser ein klar nedgang i talet på kvalifiserte søkjarar til grunnskulelærarutdanninga. I alt er det heile 16,5 prosent færre i år enn i fjor som ønskjer seg inn på denne utdanninga.

– Me må finna ut kva dette skuldast, seier rektor Ole-Gunnar Søgnen.

– Nedgangen er ein nasjonal trend, og ei nærliggjande forklaring er det nye og strengare karakterkravet i matematikk. Forkurset som høgskulen har gjennomført i sommar, ser ikkje ut til å dekke inn nedgangen i kvalifiserte søkjarar. Når det er sagt, ser me at det er realfaga innan lærarutdanninga som kjem best ut i årets opptak. Det kan ha samanheng med at dei kvalifiserte søkjarane faktisk har karakteren fire eller meir i matematikk.