Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Katrine Heggstad og Kari Mjaaland Heggstad
Det blir liv på campus Kronstad i neste veke når seks teaterkompani fra Ungarn kjem og deltar på mini-teaterfestival på Kronstad. Katrine Heggstad og Kari Heggstad håpar mange tar turen innom festivalen.

Velkommen til mini-teaterfestival!

Måndag kjem 18 profesjonelle skodespelarar frå Ungarn til Kronstad og deltar på ein mini-teaterfestival med fokus på teater i undervisninga. Velkommen innom!

Skodespelarane frå Ungarn blir her i ei veke og skal både treffe studentar og ansatte, i tillegg til Hordaland teater og andre interesserte.

Seks teaterkompani på besøk

Kari Mjaaland Heggstad og Katrine Heggstad ser fram til å ta imot dei seks ulike teaterkompania frå Ungarn som har med seg fire førestillingar. Dei ønsker at alle som vil tar turen innom festivalen for å få med seg det som skjer måndag 3. oktober - onsdag 5. oktober. 

- Teater i undervisninga (TIU) og deltakande teater for barn og unge har ein enorm framvekst i Ungarn, fortel Kari Heggstad. Eit av kompania har teater i undervisninga for 3000 skulebarn årleg. Målet med undervisninga er at dei unge skal delta aktivt i delar av teaterstykket og sette sitt preg på det.

Undervisninga har ikkje fasitsvar

Katrine Heggstad meiner ei viktig side ved denne undervisinga er at førestillingane ikkje skal ende i eit fasitsvar.

- Denne sjangeren bryt veldig med dagens skuletenking om å komme fram til det rette svaret. Det fins nemleg ikkje bare eit svar. Målet med teater i undervisning er å stimulere til refleksjon og å utfordre dei unge til å sjå situasjonar frå nye perspektiv, gjennom arbeidet med kunstforma.

Kva kan ei førestilling handle om?

Eit eksempel er førestillinga Benched som blir vist onsdag føremiddag. Monodramaet Benket [På sidelinja] presenterer eit syn på verda i dag frå samfunnet si sidelinje. Mannen på benken i parken formidlar si oppleving av verda til ein nyfødd baby som søv i ei barnevogn.

Forteljingane han bruker for å forklare hendingar som bind dagens sosiale, økonomiske og kulturelle krise til sitt eige kvardagsliv er ikkje hans eigne, og gradvis veves dei til ei historie kor virkelighet ikkje kan skiljast frå fiksjon, løgn frå sannhet, ondskap frå ansvarleg oppførsel – med tragiske konsekvensar.

Førestillinga opnar opp for spørsmål om kva rolle fortelljngar og ideologi spelar i våre liv. Desse spørsmåla utforskes vidare interaktivt gjennom workshop.

Støtte frå Kulturrådet

Kva er målet med samarbeidet med Ungarn?

Målet med prosjektet er at dei ungarske teatergruppene, Høgskolen i Bergen og Hordaland Teater skal utvikle seks nye undervisningsprogram i Ungarn og to i Norge.

Samarbeidet startar med denne teaterfestivalen i Bergen. I andre del av prosjektet (mars 2017) besøker ansatte og studentar frå HiB og Hordaland Teater dei ulike ungarske aktørane og gjennomfører sju workshops i Budapest.

Mini-teaterfestivalen med kollegaer frå Ungarn er støtta av Norsk Kulturråd.

Har du lyst til å få med deg eit stykke frå festivalen? Sjå fullstendig program.