Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Akademisk skriving og dialogisk rettleiing i høgare utdanning

Skrivesenteret AL ved HiB og Akademisk skrivesenter HF/Universitetsbiblioteket UiB inviterer til konferanse om akademisk skriving og læringsprosessar.

Stad: Høgskolen i Bergen, Campus Kronstad
Dato: 10.–11. november 2016
Påmeldingsfrist: 10. september 2016

Tema for konferansen er:

  • Korleis kan skrivesenter og bibliotek støtte opp under studentars læring og læringsprosessar?
  • Kva for muligheiter gir nye skriveteknologiske reiskap til tekstutvikling og rettleiing?
  • Korleis bruke sosiale medium for å fremje skriveglede og skrivekunnskap?
  • Korleis tilpasse skrivetenester til ulike målgrupper som vidaregåande skular, profesjonsutdanningar og forskarutdanningar?
  • Korleis opne for eit mangfald av akademiske stemmer som speglar eit fleirkulturelt samfunn?

Inviterte foredragshaldarar:

  • Lotte Rienecker (Københavns universitet)
  • Lynn Nygaard (PRIO, Institutt for fredsforskning i Oslo)
  • Magnus Gustafsson og Linda Bradley (Gøteborgs universitet)
  • Rune Krumsvik (Universitetet i Bergen)

Oppdatering av programmet vil skje fortløpande. 

Pris for å delta på konferansen er 700 per dag, eller 1400 samla. I tillegg kjem konferansemiddag på 400 for dei som er interesserte i det.

Påmelding!

Velkomen til Bergen!

HiB og UiB sine logoer