Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Sanja Tasic sitter på kne foran en skjerm og strekker ut armene i desperasjon.
Skodespelaren Sanja Tasic frå Beograd skal framføre framsyninga "Tales of Bread and Blood". Her fotografert frå framsyninga "DADA - an essay in movement", 1. juni 2015, Mimes Brønn. Foto: Dag Ove Vareberg, HiB.

Kunstfag mot verda

Måndag 4. januar 2016 arrangerer forskingsprogram Kunstfagdidaktikk og Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon (SEKKK) konferansen Kunstfag mot verda. Konferansen markerer avslutning på ei sjuårig strategisk satsing på kunstfagforsking ved HiB.

Vi får besøk av professor Clare Bradford, Faculty of Arts and Education, Deakin University, Australia og Assistent professor, Dr. Jeananne Nichols, University of Illinois Urbana Champaign, båe viktige internasjonale storleikar i høvesvis barnelitteraturforsking og musikkpedagogisk forsking. Vidare får vi teaterbesøk av Sanja Tasic (frå Beograd): Tales of Bread and Blood, og foredrag av nytilsett professor II kunst og handverk (HiB) Jorunn Spord Borgen. Konferansen inneheld også presentasjonar av 2 nystarta ph.d.-prosjekt ved SEKKK.

Konferansen blir avslutta med sosialt arrangement i mesaninen (SiB-kantina).

Konferansen er open for alle interesserte! Velkommen til å møte eit vitalt forskingsmiljø, velkommen til HiB, Campus Kronstad, Inndalsveien 28!

Påmeldingsfrist: onsdag 9. desember
Ja, eg vil melde meg på konferansen (konferansen er gratis).