Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Det fleirkulturelle stabsfellesskapet i norske sjukeheimar: Moglegheiter og utfordringar (MULTICARE)

MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar.

MULTICARE er eit forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR) gjennom programmet HELSEVEL.

Prosjektet er leia av Senter for omsorgsforsking Vest, ved Høgskulen i Bergen, og er eit samarbeidsprosjekt med deltakande forskarar frå Senter for omsorgsforsking (SOF vest og aust), Uni Research Rokkan, Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus og The Netherlands Institute for Health Service Research (NIVEL).

MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar. Meir spesifikt skal prosjektet sjå på korleis sjukeheimar organiserer omsorgsarbeidet, tenestane og den multikulturelle staben.

Sentrale spørsmål er:

  • Kva typar av utfordringar og moglegheiter, organisatoriske, sosiale og eksistensielle, erfarast av ulike aktørar i multikulturelle arbeidsfellesskap ved norske sjukeheimar?

  • Kva praksisar, rutinar eller tiltak finst det på ulike nivå som er retta direkte mot desse utfordringane og moglegheitene?

Prosjektet har fire arbeidspakkar med følgjande forskingsfokus:

  1. Rekrutterings- og inkluderingspraksiser ved sykeheimer i rurale og urbane strøk

  2. Leiarskap og praksisar kring integrering av etniske minoritetar i arbeidsfellesskapa

  3. Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab

  4. Kommunikasjon av, og praksisar knytt til, pasientars død i eit multikulturelt og multireligiøst arbeidsfellesskap

Ved å nytte ei blanding av ulike forskingsmetodar vil me kartlegge problemstillingane og få innsikt i erfaringane til dei ulike aktørane på, og knytt til, sjukeheimane. Metodane vil mellom anna vere deltakande observasjon, intervju og fokusgruppe-intervju med leiarar, tilsette ved sjukeheimane, brukarar og pårørande.

Norske styresmakter krev at praksisen i sjukeheimar skal vere basert på forsking. MULTICARE vil bidra til dette gjennom å inkludere leiarar og tilsette på sjukeheimane frå prosjektstart til prosjektslutt, samt gjennom å samarbeide med fleire utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenestar (USHT, Gjøvik og Førde) gjennom utprøving av ny kunnskap knytt til leiing av multikulturell stab.

I 2011 hadde om lag 13 prosent av dei tilsette i omsorgssektoren i Noreg etnisk minoritetsbakgrunn. I Oslo utgjorde talet rundt 40 prosent. Dette indikerer ei dobling på fem år (Ramm 2013).

Arbeidet i sektoren er dominert av kvinner og blant anna karakterisert av deltid, midlertidigheit, stor arbeids- og tidsbelastning, høgt sjukefråvær, vanskar med rekruttering og låg sosial status. Å utvikle berekraftige helse- og omsorgstenester er ei av dei største samfunnsutfordringane i Noreg og Europa. Norske styresmakter varslar store endringar i offentleg sektor og set i verk reformer som endrar rammeverket for utforming og utøving av dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Kunnskap om kva typar av utfordringar og moglegheiter multikulturelle arbeidsfellesskap representerer er viktig for å kunne legge til rette for rekruttering av, og kontinuitet i, omsorgsarbeidsstyrken. Arbeidet, tenesteytinga, i dei kommunale helse og omsorgstenestene er grunnleggande både for berekraft, utvikling og kvalitet i tenestene – det er gjennom arbeidet tenestene vert (re)produsert.