FoU-utvalet
FoU-utvalet skal vere eit rådgivande organ for høgskolens leiing og høgskolestyret i saker som angår forsking-, utvikling- og nyskapingsarbeid (FoU/N). FoU-utvalet skal vere ein aktiv pådrivar for FoU-arbeidet ved høgskolen. Dette inneber å
- bidra til at høgskolen når måla som er nedfelt i Strategi for forsking, utvikling og nyskaping (FoU/N) 2011-2015, og gi styret statusmeldingar om progresjon, måloppnåing og tilrådingar om eventuelle naudsynte justeringar av planen
- evaluere kvaliteten i FoU-arbeidet og gi styret statusmeldinger om progresjon, måloppnåing og tilrådingar om eventuelle naudsynte justeringar av planen
- ha ansvaret for utvikling av høgskolens framtidige ph.d. studium
- utføre dei oppgåvene som er delegert utvalet gjennom ph.d.-reglement for Høgskolen i Bergen.
- arbeide for å heve FoU-kompetansen i høgskolen, særleg innan ph.d.-områda
- arbeide for at det vert etablert gode rammevilkår og støttefunksjonar for utvikling av høgskolens ph.d. studium
- utarbeide forslag til handlingsplanar som blant anna omfattar retningslinjer for fordeling av sentrale og avdelingsvise FoU-midlar.
- arbeide for at publisering og forskingsformidling inngår som eit sentralt element i heile verksemda.
- vere pådrivar for ekstern samhandling, nettverksbygging og internasjonalisering og trekkje vekslar på ekstern ekspertise i arbeidet
- gi råd om høyringsfråsegner
- bidra med råd om arbeid med ekstern finansiering, bl.a. frå Regionale forskingsfond, NFR og EU.
- arbeide for gode opplegg for faglig og administrativ kvalitetssikring, dokumentasjon med sikte på transparens og annan oppfølging av FoU/N – verksemda
Sist endret: 09.09.2011
