Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Petrin Hege Eide og Grethe Dåvøy
Pasienttryggleik: Petrin Eide (t.v) og Grethe Dåvøy står bak ein ny undervisingsfilm om vask og sterilisering av kirurgiske instrument. Foto: Ingrid Hope

Film skal gi reinare kirurgiske instrument

Prosedyrane for å vaske og sterilisere kirurgiske instrument varierer frå sjukehus til sjukehus. Ein ny undervisingsfilm skal bøte på dette problemet.

Kvar dag blir det gjort tusenvis av operasjonar ved klinikkar og sjukehus i Norge. Under kvart inngrep blir det brukt titals kirurgiske instrument som dagleg må sterilerast for gjenbruk. Dette arbeidet må gjerast svært nøyaktig for å unngå at kirurgiske instrument blir smittekjelder når dei blir brukt på nytt.  

- Trass i at dette arbeidet er regulert av smittevernlova og underlagt ei heil rekkje nasjonale og internasjonale standardar, tvingar ulik arkitektur og kapasitet fram ulike løysingar på ulike sjukehus, fortel høgskulelektor Petrin Eide.

Fleire problemområder

Dette blei synleg då ho saman med førstelektor Grethe Dåvøy jobba med eit prosjekt der dei filma korleis dei kirurgiske instrumenta vart reprosessert ved 8 ulike operasjonsavdelingar i Norge. 

- Dei kirurgiske instrumenta er sjølve kronjuvelen i den kirurgiske verksemda. Korleis instrumenta vert handsama fortel noko om korleis det hygieniske arbeidet vert prioritert, seier Eide. 

Saman med studentar på operasjonssjukepleie ved HiB studerte dei filmopptaka og identifiserte ei rekkje problemområder. På grunnlag av dette valde studentane problemstillingar og gjorde omfattande litteratursøk for å finne nyaste kunnskap på området. Litteratursøka vart nytta som fordjupningsoppgåver og grunnlagsmateriale for filmen.

Ny kunnskap og etablert praksis

I filmmaterialet oppdaga dei at instrumenta vert behandla i ulike rom av ulike personalgrupper som ikkje nødvendigvis veit kva dei andre gjer. Personalgruppa har også svært ulikt utdanningsnivå, frå høgskuleutdanna operasjonssjukepleiarar til ufaglærte framandarbeidarar. Dei oppdaga også at det på nokre felt finnest motstridande kunnskap der nyare kunnskap står i motsetnad til etablert praksis. 

- Det blei tydeleg at det var behov for å lage ein undervisningsfilm basert på det materialet vi allereie hadde innhenta. Vi la vekt på å lage ein pedagogisk film som skulle vere forståeleg for alle som jobbar med dette, fortel Eide. 

Filmen som er tilgjengeleg på Youtube viser korleis kirurgiske intstruement skal vaskast, desinfiserast og steriliserast

Blir pensum

Filmen har fått svært god mottaking i fagmiljøa og blir no pensum ved fagskulane for sterilteknikarar og ved alle operasjonssjukepleieutdanningane i Norge. Filmen vert også lagt i Folkehelsebiblioteket. I samband med dette har Eide og Dåvøy blitt bedt om å bidra til å utforme ein ny nasjonal prosedyre som skal vere tilgjengeleg her. 

- Det er få som veit kor omfattande denne prosessen er. Til no har filmen blitt brukt i undervising. Den har også vist seg som svært nyttig som førstehandsorientering i helseforetaka når leiarar på høgare nivå skal informerast om sterilforsyningsarbeidet. Filmen skapar fokus og diskusjon og dannar grunnlag for endring i praksis. 

Filmen er produsert av Senter for nye medier i samarbeid med Grethe Dåvøy, Petrin Eide og studentkullet 2014- 2015 ved operasjonssjukepleieutdanninga på HiB. 

- Både Senter for nye medier og studentane har gjort ein kjempejobb med dette prosjektet, rosar dei to operasjonsjukepleiarane.