Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Jorunn Krogstad, Lillian Brekke, Trude Thommesen
Informerte studentar og kollegaer, frå venstre: Jordmor Jorunn Krogstad, helsesøster Lillian Brekke og høgskulelektor Trude Thommesen. Foto: Ingrid Hope.

Utveksla erfaringar om arbeid med flyktningar

For å bidra til kompetanseheving i kommunen vart både tilsette ved skulehelsetenesta og helsestasjonar invitert då temaet flyktningar stod på dagsorden for HiB-studentane.

- Studentane ved jordmordutdanninga, helsesøsterutdanninga og barnesjukepleie har felles undervising om kvinner og barns helse i eit fleirkulturelt perspektiv. Når vi blei spurt om kva vi kunne bidra med ovanfor kommunen kring temaet flyktningar, fall det difor naturleg å invitere tilsette ved skulehelseteneste og helsestasjonar i Bergen kommune hit, fortel høgskulelektor Astrid Synnøve Litland. 

Både plikter og rettar, praktiske råd og erfaringar og informasjon om bruk av tolketenesta sto på dagsorden.

Nysgjerrig og åpen 

Frå Landås helsestasjon var jordmor Jorunn Krogstad og helsesøster Lillian Brekke invitert som føredragshaldarar. Dei jobbar i ein bydel der mellom 25 - 30 prosent av brukarane har framandkulturell bakgrunn. Polakkar utgjer den største gruppa og somaliarar den nest største.

Som jordmor og helsesøster kjem dei tett på sterke historier og skjebner. Når det i tillegg skal spørjast om intime og vanskelege tema vert situasjonen ekstra sårbar. 

- Det kan til dømes vere vanskeleg å spørje ei gravid somalisk kvinne om tidlegare erfaringar med vald når eg veit at 99 prosent av kvinnene har blitt utsett for det, sa Krogstad. 

Ho peika på tolketenesta som ei svært nyttig og god hjelp. Samtidig kan det vere ei barriere for kommunikasjonen fordi det ikkje er alt kvinna vil fortelle tolken. 

- Det somaliske miljøet er lite. Når det er intime tema vi snakkar om, kan dermed kvinnene bli reserverte mot å dele informasjon med ein tolk til stades, fortalde Krogstad. 

Ho hadde likevel eit klart råd til kollegaer og studentar: 

- Ver nysgjerrig og åpen. 

Kvifor kjem dei ikkje til avtalen?

Jordmor og høgskulelektor Trude Thommesen informerte om lovpålagte rettar og plikter. Ho peika mellom anna på kulturelle årsaker til at framandkulturelle ikkje møter til avtaler, som til dømes ulik forståing av tid eller manglande lese- og skrivekunnkap. 

- Innkalling til avtaler bør difor alltid vere munnleg i tillegg til skriftleg, sa Thommesen.