Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
ali_watti1280.jpg
Syriske Ali Watti (t.h.) deltok i paneldebatten om flyktningekrisa. Her saman med leiar for Arna asylmottak Toni Helland-Hansen og høgskulelektor Sigrid Bøe Skogstrand.

- Sjå ressursane i menneska!

Då syriske Ali Watti kom til Norge bestemte han seg for éin ting: Han skulle ikkje bli ein passiv asylsøkjar. - Sjå ressursane i den enkelte, oppfordra Watti då han møtte studentane på desentralisert sjukepleieutdanning ved Høgskolen i Bergen.

Syriske Ali Watti er utdanna lege og kom til Norge i 2010. Han bestemte seg for å bli ein del av samfunnet frå første dag, uansett om han fekk opphald eller ikkje. For ventetida på eit asylmottak kan bli lang utan moglegheiter til arbeid.

- På eit asylmottak startar gjerne dagen kl. 13. Då kjem posten som alle ventar på. Kjem det brev om opphald i dag? 

Watti engasjerte seg raskt i frivilleg arbeid, mellom anna i Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Bergen internasjonale kultursenter. Han starta også ei støttegruppe for syriske flyktningar. 

- Passivitet fører til passivitet. Dersom eg frå dag 1 skulle vore ein passiv asylsøkjar trur eg aldri at eg hadde stått her i dag, sa Watti. 

Det er utruleg viktig å føle seg som ein ressurs, understreka han. I dag har han fått opphald og håpar å få godkjend legeutdanninga si. 

Watti var ein av fleire føredragshaldarar då desentralsiert sjukepleieutdanning ved HiB arrangerte seminar om flyktningar på tysdag.

Foredragsholderne

 

Fysioterapeut Rolf Vårdal (RVTS Vest), leiar for Arna asylmottak Toni Helland-Hansen, Gunda Rylandsholm, Bergen kommune og Ali Watti fortalde om flyktningar og asylsøkjarar frå ulike perspektiv. 

Bry deg i kvardagen

Leiar ved Arna asylmottak Toni Helland-Hansen fortalte at merksemda rundt flyktningekrisa har gjort at ho har fått hundrevis av mailar frå folk som vil hjelpe. Ho opplever det som positivt, men samtidig litt overveldande: 

- Mitt råd er å tenke over moglegheitene til å vere medmenneske i kvardagen, på bussen, i nabolaget eller kor det måtte vere. Lær namnet, sett dykk litt inn i landet dei kjem frå. Ofte er det veldig lite som skal til for at folk kjenner at dei blir sett og respektert, sa Helland-Hansen. 

Bygg ein relasjon

Fysioterapeut Rolf Vårdal har behandla flyktningar som har vore utsett for psyksisk og fysisk tortur og kunne fortelje sterke historier til sjukepleistudentane.

- Som helsearbeiderar må vi vere merksame på at små ting vi ikkje tenkjer på, kan framkalle reaksjonar hos ein person som har vore torturert. Syn- og hørselsinntrykk frå tortursituasjonen sit fast i minnet. Dette veit torturistane å utnytte, til dømes ved å plassere kjende logoar i synsfeltet under torturen slik at offeret skal bli påminna torturen kvar gong logoen dukkar opp i ettertida, fortalde Vårdal.

Men som helsearbeidar har han erfart at det også finnest håp for dei som har opplevd grusomme ting. 

- Det er viktig å bygge ein relasjon. Den minste ting kan byggast opp, og det er verdt å bruke tid på, oppfordra Vårdal. 

Frå asylsøkjar til student

Studentane som tek desentralisert sjukepleieutdanning kjem frå kommunane i Hordaland og jobber i helsetenesta parallelt med studia. Som helsearbeidarar møter dei utfordringane i den enkelte kommune når stadig fleire flyktningar kjem til lokalmiljøa og treng helsehjelp og oppfølging. 

Men for nokre av studentane på seminaret var temaet ekstra nært. Monira Sadir frå Uyguristan då ho var 16 år har sjølv vore asylsøkjar. Sjølv om det var vanskeleg å komme til eit land der språket og kulturen var heilt annleis, har ho klart seg bra. No kombinerer ho studier ved HiB med jobb som helsefagarbeider i Bergen kommune. 

- Det er ikkje lett å leve i eit framand land og bygge opp eit heilt nytt liv. Men eg var heldig og møtte mange snille og gode menneske. Eg har veldig lyst til å fullføre utdanninga, bli ein god sjukepleiar og bidra til samfunnet, uttaler Monira.