Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Høgskolestyret

Høgskolestyret er det høgste avgjerande organ ved HiB. Styret har ansvar for at all verksemd held høg kvalitet, og skal sikre effektiv drift i samsvar med dei lover og reglar, rammer og mål som sentrale styremakter har lagt. Høgskolestyret vedtek høgskolens strategiar og tek avgjerder om høgskolens planar og økonomiske disposisjonar. Høgskolestyret er også tilsettingsorgan for professorar og dosentar.

Rektor er styrets leiar, og høgskoledirektør er saksførebuar for høgskolestyret.