Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Kvalitetssystem

Høgskolen i Bergen legg vekt på kvalitet i utdanninga og eit nært samarbeid mellom studentar og tilsette.

Målet er å tilby forskingsbaserte og relevante utdanningar på eit høgt, fagleg nivå. Kandidatane våre skal vere yrkesutøvarar som er høgt kvalifiserte, sjølvstendige, reflekterte og etisk medvitne i ein nasjonal og internasjonal arbeidsmarknad.

Høgskolen arbeider målretta og kontinuerleg med å utvikle kvaliteten i utdanningane. Arbeidet er basert på dei formelle krava til styresmaktene og dei målsetjingane høgskolen sjølv har vedteke for arbeidet sitt med utdanningskvaliteten.

Høgskolen sitt system for kvalitetssikring av utdanningsverksemda blei evaluert hausten 2010 og godkjend av NOKUT i juni 2010.

Kvalitetssikringssystemet Sherpa

Sherpa er kvalitetssikringssystemet til Høgskolen i Bergen. Det er eit heilskapleg kvalitets- og leiingssystem.

Sherpa blir brukt til systematisk forbetringsarbeid i heile organisasjonen. Vi gjennomfører mellom anna evaluering av studiar, undersøkingar av kor tilfredse studentane er og medarbeidarundersøkingar.

Dette gir oss faktiske opplysningar om kvaliteten i utdanningane våre og hjelper oss i det kontinuerlege arbeidet vårt med å utvikle og forbetre oss.

Kvalitetsmanifestet skildrar mål, retningsliner og rammer som er knytte til arbeidet med kvalitetssikring og kvalitetsutvikling ved Høgskolen i Bergen.

Kvalifikasjonsrammeverk

Fra høsten 2012 følger alle fag- og studieplaner ved Høgskolen i Bergen det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høyere utdanning.

Rammeverket innebærer en systematisk beskrivelse av forventet læringsutbytte for de tre hovednivåene i høyere utdanning – bachelor, master og ph.d.

Læringsutbyttet beskriver de kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse en student skal ha etter å ha fullført et studieprogram eller et emne.

Beskrivelsen av læringsutbyttet er formulert slik at det skal være mulig å vurdere om studenten faktisk har oppnådd læringsutbyttet. Karakterskalaen brukes for å gradere i hvilken grad prestasjonene er nådd.