Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Leiing og administrasjon

Høgskolestyret er øvste myndigheit på høgskolen. Rektor er styreleiar.

Høgskolen i Bergen har delt leiing med rektor som øvste faglege leiar, og høgskoledirektør som øvste administrative leiar.

Organisasjonskart

Høgskolestyret

Høgskolestyret er det høgste avgjerande organ ved HiB. Styret har ansvar for at all verksemd held høg kvalitet, og skal sikre effektiv drift i samsvar med dei lover og reglar, rammer og mål som sentrale styremakter har lagt. Høgskolestyret vedtek høgskolens strategiar og tek avgjerder om høgskolens planar og økonomiske disposisjonar. Høgskolestyret er også tilsettingsorgan for professorar og dosentar.

Rektor er styrets leiar, og høgskoledirektør er saksførebuar for høgskolestyret.

Meir om høgskolestyret ved Høgskolen i Bergen.

Rektoratet

Høgskoledirektør og administrasjon

Høgskoledirektør er øvste administrative leiar ved Høgskolen i Bergen. Sonja Dyrkorn er konstituert høgskoledirektør.

Under høgskoledirektør finst administrative einingar som blir leidd av stabsdirektørar:

Om virksomhetsstyring, internkontroll og internrevisjon.

Avdelingsleiing

Høgskolen er delt i tre avdelingar. Kvar avdeling blir leidd av dekan som har både fagleg og administrativt ansvar. Avdelingane har sin eigen administrasjon med ein kontorsjef.

Avdeling for helse- og sosialfag:

Avdeling for ingeniør- og økonomifag:

Avdeling for lærarutdanning: