Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Offentleg journal

Velg månad

Dei statlege høgskulane er offentlege organ. Alle saksdokument skal førast i ein journal. Journalar og liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift. Sjå offentleglova § 3  og forskrift om offentlig arkiv § 2-6.

Den offentlege journalen gir grunnlag for å identifisere saker og dokument. Journalen gir oversyn over alle inn- og utgåande brev som er journalførte, samstundes som konfidensielle opplysningar er skjerma for innsyn.

Krav om innsyn

Høgskolen i Bergen praktiserer meiroffentlegprinsippet. Krav om innsyn i saksdokument kan sendast som e-post til post@hib.no.

Vi treng følgjande opplysninger frå deg:

  • Sak/dok.nr
  • Namn
  • E-post (dersom du ynskjer svar på e-post)
  • Adresse (dersom du ynskjer svar pr brevpost)
  • Eventuell beskrivelse

Saksdokument vert vurderte i samråd med saksbehandlar/overordna leiar og sende frå Dokumentsenteret til presse/publikum i samråd med desse. Ved tvil vert førespurnaden lagt fram for høgskoledirektøren.

Om dokumentsenteret

Dokumentsenteret er Høgskolen i Bergen sitt sentrale postmottak og arkiv, og har det overordna arkivfaglege ansvaret ved høgskolen. Vi har ansvar for det historiske saksarkivet. Vi har vidare ansvar for systemforvaltning av HiB sitt elektroniske arkiv- og saksbehandlingssystem, samt drifts- og opplæringsoppgåver knytt til dette.