Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
idrettsanlegg-1280.jpg

Våre campusar

Høgskolen i Bergen har to campusar i Bergen: Campus Kronstad og Campus Møllendalsveien.

I tillegg held nokre av utdanningane til på andre adresser i og utanfor Bergen. Sjå heile adresselista.

Campus Kronstad

Campus Kronstad er hovudcampusen vår, og er studiestad for om lag 6000 studentar og arbeidsplass for nærare 600 tilsette.

Høgskulebygget på Kronstad er eit topp moderne bygningskompleks – nyskapande, praktisk og miljøvennleg – og med ein unik arkitektur. Det er bygd på NSB si gamle verkstadtomt, og fem av dei gamle bygga som låg på tomta er tatt vare på og integrert i nybygget.

Bygget har ein tydeleg grøn profil, og er energimerka i klasse B. 80 energibrønnar brukast til oppvarming og nedkjøling av bygget. Varm luft sparast til det er kaldt ute og omvendt. Slik dekkjer bygget sjølve 80 prosent av energibehovet. Utan denne løysinga ville bygget brukt like mykje straum som 1000 i einebustadar i løpet av eitt år.

Her finn du Noregs største studentkafé, eit topp moderne bibliotek og ein fagbokhandel. Studenthuset med kontorar for studentorganisasjonene og studentpuben Kronbar held også til her.

Nøkkeltal Kronstad

  • 51.000 kvm totalt bygningsareal
  • 53 auditorier og seminarrom
  • 132 spesialrom
  • 780 sitteplassar i kantina
  • 900 sykkelparkeringsplassar

Campus Møllendalsveien

Campus Møllendalsveien held til like inntil Store Lungegårdsvann, og er studiestad for om lag 1000 studentar og arbeidsplass for nærare 200 tilsette.

Her finn du ein stor SiB-kafe med tilhøyarande takterrasse øvst i bygget, og eit nyoppussa og velutrusta bibliotek. Bygget er i realiteten to bygg, og strekkjer seg over to adressar.

Nøkkeltal Møllendalsveien

  • 12.000 kvm totalt bygningsareal
  • 21 undervisningsrom
  • 260 sitteplassar i kantina

Vegen mot ein samla høgskole

Vegen mot Kronstad har vore lang. Allereie i 1994, då Høgskolen i Bergen vart etablert ved at seks høgskoler vart samla, starta arbeidet med å få samla alle på ein plass. I tida som har gått har høgskolen vore i kraftig vekst, og då vi endeleg fekk nybygget vårt, var det også for lite. Difor held deler av høgskolen til på Campus Møllendalsveien, om lag ein kilometer unna.

Høgskolen arbeider vidare med å få samla alle på Kronstad, og har von om at bygetrinn 2 på Kronstad vil stå klar til bruk i 2020.