Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Kunst på Høgskolen
Dette er eit utsnitt av kunstverket "Koblingen mellom Østen, Vesten og Resten" av Nirmal Singh Dhunsi. Verket strekkjer seg over 60 meter i ein korridor i underetasjen på høgskolebygget. Foto: Mauricio Pavez, HiB.  

Kunst på Kronstad

Tid til å tenkje – Mot til å våge – Evne til forankring. Dette er nøkkelorda kunstutvalet har lagt til grunn i planlegginga av kunsten på campus Kronstad.

Nøkkelorda skulle med andre ord famne ideane om kunst som visuelt slitesterkt, kunst som produserer tankar, kritikk og motstand, kunst som vågestykke og kunst som kunnskap.  

11 ulike område

Det er i alt elleve område for kunst på høgskolen. I områda fasade, foajè, kantine og korridor er kunstverka tett bundne saman med arkitekturen. Kunsten finn du også i sosiale soner i bygget som også blir kalla gliper og mellomrom.  

Veggflater og volum

Kunstutvalet har vald å halde seg unna det travle golvarealet og heller ta i bruk veggflater eller volum. Teikning har eit stort vokabular å ause frå. Utvalet inviterte difor kunstnarar som arbeider med dette mediet. 

Kunstprosjekt 

Vågestykke er ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskolen i Bergen. Målet med kunstprosjekta er å aktivisere dei som oppheld seg på og rundt høgskulen og sjå nærmare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar.

Vågestykke startar opp i 2016 og strekkjer seg ut 2018. I løpet av hausten 2016 vil tre prosjekt realiserast: Luftballett, Artist in Residence (AIR) og Nedbør.