Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
kronstad-25ton.jpg

Namn på Kronstad

Namna på dei ulike bygningane og areala på Kronstad reflekterer historia til jernbaneverkstaden som tidlegare låg på tomten. Uteareala ved inngangane er oppkalla etter viktige historiske personar innanfor utdanningane som høgskolen tilbyr.

Bygningane

Maskinverkstedet

Kor: Kaféen

Maskinverkstaden blei bygd til opninga  av jernbaneverkstaden på Kronstad i 1911. Denne verkstaden blei brukt til vedlikehald av lokomotiv, og hadde fire spor med vedlikehaldsgraver. Eit påbygg med ytterlegare tre spor stod ferdig i 1917.

Plateverkstedet

Kor: Studenthuset

Bygningen er frå 1921, og blei sett opp fordi jernbaneverkstaden på Kronstad ikkje hadde tilfredsstillande forhold for tender- og platereparasjonar. Her blei det utført vedlikehald på dampkjelen og tenderen, skore til plater og arbeidd med klinking og sveising. Større kjelearbeid måtte ein sende til verkstaden i Drammen.

Snekkerverkstedet

Kor: Biblioteket

Bygningen er frå 1911 med eit påbygg frå 1917. Denne verkstaden blei opphavleg brukt til vognverkstad, men bygningen høvde dårleg fordi det ikkje var lagt til rette for løfting av vogner innandørs. Då ein ny vognverkstad stod ferdig i 1925, blei bygningen tatt i bruk som snikkarverkstad. Både godsvogner og passasjervogner var bygd i tre på denne tida.

Lyse og luftige biblioteklokale på Kronstad

 

Vognverkstedet

Kor: Idrettsbygningen

Den nye vognverkstaden stod ferdig i 1925. Ein kunne løfte vognkassen opp frå boggien inne i verkstaden, som hadde fire spor og ein kapasitet på sju boggivogner og 14 godsvogner samtidig. I søre enden var det ei svingskive på 18 meter der ein kunne snu vognene.

Rom

Fyrrommet

Kor: Representasjonsrommet ved biblioteket

Snikkarverkstaden inneheldt eit sentralvarmeanlegg frå 1917, som var basert på vatn og radiatorar.

Mimes brønn

Kor: Kultursalen, det største auditoriet på Kronstad

Mimes brønn er kunnskapens kjelde i norrøn mytologi. Brønnen ligg under ei av røtene til verdstreet Yggdrasil, og kloke Mime held vakt over den. Odin, den mektigaste og visaste av dei norrøne gudane, fekk kunnskapen sin då han ofra det eine auget sitt for å drikke av Mimes brønn og forstå den verda han hadde skapt.

Kultursalen fekk namnet sitt etter ein idékonkurranse på Høgskolen i Bergen, der Elisabet Veland vann med sitt forslag.

Takterrassar i 3. etasje

Dresinen

Ein dresin er eit lett framkomstmiddel som går på skjener. Dei første dresinane var pumpedresinar, seinare blei det meir vanleg med sykkeldresinar.

Rissespissen

Før ei plate blei skore til i plateverkstaden, rissa ein opp linjer på plata med ein rissespiss.

Plogkjeften

Den store roterande vifta på snøplogane blei kalla for plogkjeften.

Mannholet

Dampkjelane hadde eit inspeksjonslokk som kunne opnast. Dersom opninga var stor nok til at ein slank mann kunne krype igjennom, blei ho kalla for mannholet.

Mikkien

Mikkien var kjælenamnet til eit batteridrive køyretøy frå 1947-48, som blei brukt til å flytte plater og utstyr inne på verkstadområdet på Kronstad. Føraren kjørde ståande.

Knusekjeften

Knusekjeftar blei brukt til å knuse stein til pukk ved pukkverket i Hol i Hallingdal. Slitasjen på knusekjeftane var stor, og dei kom inn til verkstaden på Kronstad for vedlikehald.

Tenderen

Damplokomotivet hadde ei fast følgjevogn med tilfang av kol og vatn. Vedlikehald på tenderar blei utført i plateverkstaden.

Sosiale soner og studentarbeidsplassar på grunnplanet

Solheimsviken stasjon

10 moh. Opna i 1883. Solheimsviken stasjon var opphavleg første stasjon på Vossebanen/Bergensbanen på veg ut frå Bergen, men blei lagt ned i 1913 då traséen blei lagt til austsida av Store Lungegårdsvann. Stasjonsbygningen (teikna av arkitekt Balthazar C. Lange), med adresse Fjøsangerveien 25a,  låg på nordvestsida av det som i dag er Danmarks plass. Då stasjonen blei stengt i 1913, overtok Bergen kommune stasjonsbygningen og brukte han til underpostkontor til 1938. Bygningen blei riven i 1961.

Kronstad stasjon

Opna i 1913, lagt ned i 1965. Stasjonsbygningen blei teikna av arkitekt Egill Reimers. På Kronstad låg også NSBs jernbaneverkstad. Vossebanen har i dag status som sidespor til Bergensbanen, persontrafikken er nedlagt, og stasjonen er no driftsstad med lastespor. Stasjonsbygningen har vore  Bybanen sitt kontrollsenter sidan 2010.

Minde stasjon

18,3 moh. Opna i 1889, lagt ned i 1965. Sidan 1964 eit sidespor frå Bergensbanen. Seinare er persontrafikken blitt lagt ned, og stasjonen har fått status som vognlastterminal. Den første stasjonsbygningen (arkitekt Balthazar Lange) blei oppført i 1894 og flytta til Ål i Hallingdal i 1913, og ny bygning (arkitekt Egill Reimers) blei bygd i 1913 og riven i 1981.

Fjøsanger stasjon

8,2 moh. Opna i 1883 og lagt ned i 1964. Stasjonsbygningen som var teikna av Balthazar Lange, blei riven i 1983.

Hop stasjon

Opna i 1883, lagt ned i 1964. Den første stasjonsbygningen blei teikna av Balthazar Lange og blei flytta til Ål i Hallingdal i 1913. Ein ny bygning teikna av Erland Tryti blei oppført same år. Bygningen er framleis intakt og står i Troldhaugveien.

Nesttun stasjon

31,2 moh. Opna i 1883, lagt ned i 1965. Etter omlegginga av Bergensbanen i 1964 var Nesttun endestasjon for lokaltrafikken frå Bergen fram til januar 1965. Nesttun stasjon var i perioden 1894-1935 også utgangspunkt for Osbanen. Den første stasjonsbygningen blei teikna av Balthazar Lange, men blei flytta til Ygre stasjon i 1904. Ein ny og større stasjonsbygning blei så bygd etter Paul Due sine teikningar. Denne bygningen blei riven i 1981.

Haukeland stasjon

81,6 moh.  Opna i 1883, lagt ned i 1964. Haukeland var det høgaste punktet på Vossebanen, ca. 25 meter høgare over havet enn Voss stasjon. Stasjonsbygningen (arkitekt Balthazar Lange) blei oppført i 1883.

Arna stasjon

Arna gamle stasjon blei opna i 1883, og lagt ned i 1964. Den første stasjonsbygningen (arkitekt Balthazar Lange) blei oppført for Vossebanen i 1883, og ny stasjonsbygning (arkitekt Julia Kristiansen) blei bygd i 1964 ved den nye traseen.

Garnes stasjon

21,2 moh. Opna i 1883, lagt ned i 1964. Etter ein brann i 1918 teikna arkitekt Gerhard Fischer ein ny stasjonsbygning som stod ferdig i 1919. Garnes stasjon blei freda som nasjonalt kulturminne i 2002, og er i dag endestasjon for veteranjernbanen Gamle Vossebanen.

Trengereid stasjon

15,7 moh. Opna i 1883. Stasjonsbygningen (arkitekt Balthazar Lange) blei oppført i 1883. Stasjonen var betent til 1979 då han blei fjernstyrt. Alle lokaltog på Vossebanen stoppar framleis på Trengereid.

Uteområda

Ivar Benum

Kor: Området ved dreieskiva, inngangen til Avdeling for lærerutdanning (AL) sine areal i nybygget

Ivar Benum (1913–1993) var den første rektoren på Bergen lærarhøgskole i åra 1953–1979). Han var teolog, musikar og pedagog. Benum er kjent som initiativtakar til Griegakademiet saman med Gunnar Sævig. Han var også ein av initiativtakarane til Rikskonsertane.

Marie Joys

Kor: Området bak Studenthuset, inngangen til Avdeling for helse- og sosialfag (AHS) sine areal

Marie Elisabeth Joys (1872–1944) var ein pionér innanfor norsk sjukepleiarutdanning. Ho var oversjukepleiar ved Bergen kommunale sykehus i 35 år, og saman med Betty Bull, Camilla Struve og Jørgen Sandberg blir ho rekna som ein av stiftarane av den første treårige sjukepleiarutdanning i Noreg i 1908.

Carl Berner

Kor: Området som vender mot parken og grannelaget i St. Halvards vei, inngangane til Avdeling for ingeniør- og økonomifag (AIØ) sine areal i bygget

Carl Christian Berner (1841–1918) var den første direktøren ved Bergen tekniske skole i åra 1875 til 1891. Han var med på å stifte venstreforeininga i Bergen, representerte Venstre på Stortinget i 1885–1909, og var formann i Venstre frå 1903 til 1909. Berner var kyrkje- og undervisningsminister i 1892–1893. I perioden 1898 til 1909 var han stortingspresident, og spelte ei avgjerande rolle under unionsoppløysinga i 1905. Han var medlem av Nobelkomiteen frå 1904 til han døydde i 1918.

(Kilder: Ivar Gubberud og Henry Hornes)