Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
buttons_1280.jpg

Seksjon for kommunikasjon

Seksjon for kommunikasjon sitt overordna ansvar er å leggje til rette for god intern og ekstern kommunikasjon ved Høgskolen i Bergen.

Kommunikasjonssatsingane vert prioritert i tråd med måla i strategisk plan. Seksjonen er blant anna systemeigar for høgskolens web og intranett, og forvaltar høgskolens visuelle profil.

Seksjonen sine kompetanseområde er strategisk kommunikasjon, rådgjeving, allmenn forskingsformidling, mediearbeid, webstrategi, sosiale medium, marknadsføring og omdømmebygging.

HiB skal pregast av ein open kommunikasjonskultur med høg integritet. I praksis betyr dette høg grad av meiroffentlegheit rundt saker og prosessar som har allmenn interesse, og eit aktivt, utovervend forhold til media.

Journalistar kan ta kontakt med oss på e-post-adressa mediekontakt@hib.no eller ringe 977 65 066 til kommunikasjonsdirektør Elin Folgerø Styve.

Seksjonens primære arbeidsfelt

  • Intern og ekstern kommunikasjon
  • Mediekontakt
  • Strategisk kommunikasjonsplanlegging
  • Profilering
  • Studentrekruttering
  • Høgskolens nettsider
  • Sosiale medier