Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
kjemi.jpg
Forskning.

Forskingsfonda må ta meir ansvar for det dei finansierer

Det er estimert at opp mot 85 prosent av all medisinsk forskning er bortkasta fordi det blir stilt feil spørsmål, forskingsdesignet er dårleg, resultata blir ikkje publisert eller rapporteringa er ufullstendig. Kva gjer forskingsfonda for å førebygge at slikt skjer?

Forskarar over heile verda er sterkt avhengige av finansiering frå ulike forskingsfond. Eit nytt studie viser at desse forskingsfonda ikkje er så opne som dei burde vore om kva dei gjer for å førebygge unødvendig helseforsking. Dei ansvarlege myndigheitene for dei offentlege midla som blir fordelt, stiller heller ikkje forskingsfonda til ansvar.

Dette kjem fram i ein artikkel som nyleg vart publisert i prestisjefylte «The Lancet. Tidsskriftet vert vert rekna for å vere eitt av dei fremste medisinske tidsskrifta i verda. Professor Hans Lund ved Høgskulen på Vestlandet er medforfattar i artikkelen som er skriven av eit internasjonalt forskarteam.

Samarbeidet spring ut av det internasjonale nettverket Evidence Based Research Network, som blir leia av Hans Lund ved Senter for kunnskapsbasert praksis. Målet til nettverket er å redusere unødvendig helseforsking.

Les artikkelen i The Lancet her.