Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Millionar til sjukeheimsforsking

Senter for omsorgsforskning vest og Senter for kunnskapsbasert praksis er tildelt nær 28 millionar kroner frå Norges Forskningsråd til to store forskingsprosjekt som skal komme norske sjukeheimar til gode.

Det eine forskingsprosjektet er tildelt 17, 8 millionar kroner og skal sjå nærare på multikulturelle arbeidsmiljø i norske sjukeheimar. Det andre prosjektet som tildelt nær 10 millionar og skal sjå på innføring av kunnskapsbasert praksis for å betre pasienttryggleiken ved sjukeheimane. 

Kartlegg erfaringar

Stadig fleire av dei tilsette ved norske sjukeheimar har innvandrarbakgrunn. Likevel er det gjort lite forsking på kva erfaringar brukarar og pårørande, kollegaer, leiarar og dei med innvandrarbakgrunn sjølve gjer seg på sjukeheimane. Dette skal det nye forskingsprosjektet som vert leia av professor Frode Fadnes Jacobsen bøte på. 

- I prosjektet vil vi undersøke fleire ting. Mellom anna ønskjer vi finne ut meir om deira eigne erfaringar med jobbe på sjukeheimar, kva tankar og visjonar dei har for arbeidet. Vi skal også kartlegge erfaringane til kollegaer, bebuarar og pårøande og finne ut kva moglegheiter og utfordringar som ligg i å leie ei fleirkulturell arbeidsgruppe, fortel Jacobsen. 

Ein del av prosjektet er mellom anna å teste ut eit leiaropplæringsprogram om leiing av fleirkulturelle stabsfelleskap og evaluere effekten av opplæringa.

Prosjektet skal også kartlegge omfanget av tilsette med innvandrarbakgrunn i sektoren, kva stillingsprosent dei har, utdanningsbakgrunn, kva posisjonar dei har, i kva grad dei er representert i ulike leiarstillingar. 

Prosjektet skal gå over 3 år og planlagt oppstart er høsten 2016. Dei andre partnarane i prosjektet er Senter for omsorgsforskning Øst, Rokkansenteret, Universitetet i Stavanger og Helse Stavanger. 

Skreddarsyr utdanning

Det andre prosjektet som vert leia av førsteamanuensis Birgitte Graverholt ved Senter for kunnskapsbasert praksis skal finne gode modellar for implementering av kunskapsbasert praksis i norske sjukeheimar. 

- I forskingsprosjektet skal vi gjere intervjensjonar på sjukeheimar. Vi skal utdanne leiarar på ulike nivå og skreddarsy ei vidarutdanning for dei som skal drive kvalitetsbetring i praksis, fortel Graverholt. 

Målet er å lage ein modell for kvalitetsbetring som kan nyttast ved fleire sjukeheimar. 

- Samtidig har vi lagt vekt på brukarinvolvering i alle ledd. Dei som skal ta utdanninga skal sjølve vere med på å definere sine behov, presiserer Graverholt. 

Høgare utdanningsinsitutsjonar har eit ansvar for å utdanne helsepersonell som veit korleis dei skal halde seg oppdaterte slik at praksisen blir basert på dokumentert og oppdatert kunnskap. 

- Vi veit likevel for lite om kor godt vi lukkast med dette. Prosjektet vil bidra med ny kunnskap om i kva grad vi lukkast med å implementere kunnskapsbasert praksis i utdanningane. Det vil gi informasjon om kor vi står i dag, og kva som skal til for å lukkast, forklarer Graverholt. 

4-årig prosjekt

- Tildelinga fra Norges Forskningsråd gjer at vi verkelig kan satse. Senter for kunnskapsbasert praksis har alltid hatt eit mål om å bidra til implementering av kunnskapsbasert praksis både innan utdanning og praksis. No kan vi satse ekstra på dette, seier Graverholt. 

Prosjekt skal gå over 4 år og har eit totalbudsjett på rundt 15 millonar. Tre stipendiatar blir tilknytta prosjektet. Prosjektet skal skje i tett samarbeid med Senter for omsorgsforskning vest, Bergen kommune, Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester og Helse Bergen.