Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Researching English Teacher Education, Language and Literature (RETELL)

Forskargruppa Researching Teacher Education, Language and Literature (RETELL) held til ved Engelskseksjonen ved Høgskulen på Vestlandet, Bergen.

Hovudmålet til forskargruppa er å undersøkje problemstillingar innanfor engelsklærarutdanning og engelsk språk og litteratur. Medlemmene av gruppa forskar på tema som lese- og skrivekompetanse, digitale læringsverktøy, tradisjonelle og nye literacies, og litteratur for born og ungdom.

Eit anna tema er kva påverknad utdanning har på praksisen hos grunnskulelærarar og grunnskulelærarstudentar.

Forskinga til RETELL-gruppa fokuserer såleis ikkje berre på å utvikle kunnskap som gjev innsikt i engelsk språk, litteratur og språklæring, men også på å betre profesjonspraksisen til grunnskulelærarar og grunnskulelærarstudentar i Noreg.

Pågåande forskingsprosjekt

 

Forskingsdatabasen Cristin

Les meir om forskargruppa her.