Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Adele Lærum Duus og Tiri Bergesen Schei står i biblioteket til Høgskolen i Bergen med blomar og smiler i samband med boklanseringa av boka Modig som Mitwa.
Forfattarane av boka «Modig som Mitwa» skodespelar og litteraturvitar Adele Lærum Duus og førsteamanuensis i musikkpedagogikk Tiri Bergesen Schei i samband med boklanseringa 12.9.2016. Foto: Dag Ove Vareberg

Ny bok: Modig som Mitwa – kunstnerisk utfoldelse med barnehagebarn

Boka er eit arbeidsverktøy for barnehagelærarar og andre som liker å jobbe kunstnarisk med barn, og som ser etter nye moglegheiter. Forfattarane er førsteamanuensis Tiri Bergesen Schei og skodespelar Adele Lærum Duus.

Mot og tryggleik

– Er det berre dei som har kunstfag frå barnehagelærarutdanninga si som tør å jobbe med kunstfag i barnehagen?

– Nei, vår erfaring er at det handlar meir om mot og tryggleik i den du er, og at ein må tåle at eit opplegg ikkje alltid går så bra. Det er ikkje det perfekte vi er ute etter her, seier Duus.

Schei og Duus seier at det dei forfektar i boka, er å vere grundige, ærlege og utfalde seg i høve til det materialet ein jobbar med. Uansett om ein lagar ein song, ein improvisasjon eller eit produkt, så skal det gjerast skikkeleg – det skal aldri berre fylle tida eller utsetjast til neste dag.

– Det skal vere eit alvor og ei mening i det ein gjer, men samstundes så skal ein ikkje gløyme leiken, understrekar dei.

Proffar førebur seg

Schei understrekar at det er viktig å kjenne at ein har kroppstryggleik og er medveten stemma si. Ein må vite kvifor ein stiller seg på podiet.

– Å vere seriøs handlar om å førebu seg skikkeleg. Det gjeld alle som er profesjonelle: Både skodespelaren på Den Nationale Scene, men like mykje den profesjonelle barnehagelæraren, poengterer Schei.

– Vi forventar sjølvsagt ikkje at barnehagelærarar skal bli kunstnarar, men at dei skal drive med kunstnarisk utfolding saman med barna. Det er ein del av mandatet til barnehagelæraren.

Forskingsprosjekt gav materiale til bok

– De har litt ulik bakgrunn, kva slags rolle har kvar av dykk hatt i dette bokprosjektet?

– Det starta med eit kunstprosjekt der Adele Lærum Duus og Aslak van der Lubbe var kunstnarar og eg var forskar. Bakgrunnen for prosjektet var ein førespurnad frå Bergen kommune som ville ha ein forskar til å bidra med fleirkulturell pedagogikk inn mot barnehagar med stor andel av fleirspråklige barn, og gi både kunstnarane og dei barnehageansatte verktøy til å reflektere over prosess og produkt, seier Schei.

– Etter forskingsprosjektet sat vi på eit stort materiale, og eg lanserte ideen om boka «Modig som Mitwa» for Adele, som straks sa ja, seier Schei.

Møtte kvarandre som kunstnarar

Schei har også bakgrunn som utøvar før ho blei forskar. Frå eit felles  kunstnarisk utgangspunkt såg ho og Duus at materialet kunne bli ei fagbok for studentar og barnehagelærarar som liker å jobbe kunstnarisk med barn.

– Det har vore særs lærerikt å reflektere skriftleg over kva som skjer både før, under og etter eit kunstmøte. I tillegg til å vere skodespelar er eg også litteraturvitar, så for meg handlar dette i stor grad om fagleggjering, seier Duus.

 

 

 

 

 

 

 


Kunstnarane Aslak van der Lubbe og Adele Lærum Duus demonstrerer korleis tankelause gestar (som gjesping) frå vaksne kan øydeleggje konsentrasjon og fokus i eit pågåande kunstprosjekt. Foto: Dag Ove Vareberg

Fokus på detaljar gjev slingringsmonn

– Kva er den viktigaste innsikten de har fått?

– Det ligg i detaljane! Vi har erfart gong på gong at det er veldig mange små ting ein gjer før ei framsyning, ein konsert eller eit kunstprosjekt i ein barnehage, men ofte legg vi ikkje merke til kva vi gjer, korleis vi førebur oss og kva vi har som mål. Summen av alle desse småtinga, kan anten ta  frå deg motet, eller gje deg styrke og sjølvtillit, seier Schei og Duus.

Lag ein plan – og bryt han!

– Dersom du skal jobbe kunstfagleg med barn, må du akseptere at det ikkje alltid blir slik du hadde planlagt, men planen må ligge der for at du skal vere trygg nok til å gå bort frå han i augneblinken, avsluttar forfattarane Tiri Bergesen Schei og Adele Lærum Duus.


Boka Modig som Mitwa. Kunstnerisk utfoldelse med barnehagebarn er gitt ut på Fagbokforlaget.

  • Tiri Bergesen Schei er førsteamanuensis (dr.art.) i musikkpedagogikk på Høgskolen i Bergen
  • Adele Lærum Duus er skodespelar, forfattar og litteraturformidlar (cand.philol.) og driv teater- og litteraturformidlingsfirmaet «Lys levende Adele»