Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Eva Langeland
Førsteamanuensis Eva Langeland har leia prosjektet som har sett på effekten av kvardagsrehabilitering. Foto: Ingrid Hope

Meir helse for pengane

Personar som får tilbod om kvardagsrehabilitering fungerer betre i dagleglivet enn dei som får ordinære tenester. Tilbodet kostar heller ikkje meir for kommunane. Det kjem fram i ei ny nasjonal kartlegging.

Sjølv om kvardagsrehabilitering har hatt stor framvekst i norske kommunar dei siste åra, er det gjort lite forsking på effekten av metoden. Den nasjonale følgevalueringa som er utført av Senter for omsorgsforskning vest og CHARM ved Universitetet i Oslo, er den første studien, nasjonalt og internasjonalt, som har inkludert så mange kommunar.

Og resultatet er positivt: Sammenlikna med kontrollgruppa skårar dei som fikk kvardagsrehabilitering markant høgare på utføring av daglege aktivitetar, fysisk funksjon, mestring og helserelatert livskvalitet.

Kostar det same

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod i heimen, hovudsakleg til eldre, som strevar med å meistre daglege gjeremål på grunn av sjukdom eller skade. Brukaren får sjølv bestemme kva som skal vere målet for rehabiliteringa i samarbeid med eit tverrfagleg team av ergoterapeutar, fysioterapeutar sjukepleiarar, vernepleiarar og andre i heimetenesta.

Med ein brei innsats skulle ein kanskje tru at tilbodet kostar meir fordi det trengst meir ressursar. Men studien viser at dette ikkje er tilfelle. 

- Kvardagsrehabilitering kostar det same som ordinære tenester. Når brukarane får betre funksjon kan det likevel tenkjast at kommunanen faktisk vil spare pengar på sikt, sjølv om vi ikkje har sett på langtidseffektane i denne studien, seier førsteamanunensis Eva Langeland som har leia forskingsprosjektet. 

Beinbrot og svimling

Totalt deltok 43 kommunar i studien og snittalderen på brukarane var 78 år. Deltakarane hadde ei rekkje helseutfordringar, men beinbrot og svimling var dei mest hyppige.

Gjennom trening og øving i og rundt eigen heim, blir dei sett i stand til å meistre daglegdagse aktivitetar som til dømes å handle, lage mat, vaske klede og liknande. 

- Når brukaren sjølve får bestemme kva aktivitetar dei skal trene på blir også motivasjonen større, legg Langeland til. 

De tilsette må jobbe saman med, og ikke for, den enkelte brukaren. 

Ulike modellar

Kommunane som deltok hadde vald tre ulike modellar for organiseringa av arbeidet. Kva modell som vart brukt, var likvel ikkje utslagsgjevande for resultatet. 

- Den eine modellen fungerer ikkje betre enn den andre, men er uttrykk for gode lokale tilpassingar. Det sentrale er at innsatsen er organisert i tverrfaglege team og forankra i leiinga, avsluttar Langeland.

Forskingsprosjektet er utført på oppdrag av Helsedirektoratet.