Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Jeanne Boge
Førsteamanuensis Jeanne Helene Boge har inkludert 180 sjukepleiarstudentar med i forskingsarbeidet sitt. Foto: Elin Hovda Hageberg. 

Inviterte studentar inn i forskingsprosjekt

Då førsteamanuensis Jeanne Helene Boge skulle kartlegge alle kommunale sjukeheimar i Bergen inviterte ho studentane inn i arbeidet. Dermed fekk sjukepleiarstudentane praktisk erfaring med forsking.

- Fordelen med å invitere studentane med er at forsking ikkje blir så fjernt, fordi ein ser kva forsking går ut på, seier førsteamanuensis i sjukepleie, Jeanne Helene Boge, ved Senter for Omsorgsforskning Vest.

Høgskulen har som mål at bachelorstudentar skal få delta i forskingsarbeid. Dette var hovudgrunnen til at Boge inviterte førsteårsstudentane med i feltarbeidet.

- Når ein har 180 studentar på kvart kull er det ei utfordring å få dette til. Men i akkurat dette prosjektet vart det mogleg, fordi vi skulle gjere datainnsamling på 20 ulike sjukeheimar.

Måleband og fotodokumentasjon

Boge hadde gjort feltarbeid i 2013 som viste at fleire sjukeheimsbebuarar sjeldan eller aldri nytta toaletta. Ho lurte på om det var ein samanheng med måten bad med tilhøyrande toalett var utforma på. Difor bestemte ho seg for å gjennomføre ein kartleggingsstudie av baderom på alle sjukeheimar i Bergen. I dette kartleggingsarbeidet vart studentane inviterte med.

I løpet av våren 2014 deltok studentane i kartlegginga av alle dei 20 offentlege sjukeheimane i Bergen. Oppgåva deira var å ta mål, teikne rommet på ruteark og å bruke mobilkamera til fotodokumentasjon. 

Dei fleste studentane ønskte at datamaterialet dei hadde samla inn skulle inkluderast i forskingsarbeidet til Boge, og studentane sine data inngår i den ferdige rapporten "Funksjonaliteten til baderom i sjukeheimar".  

Baderomma er ufunksjonelle

Funna i kartlegginga viste at nybygde baderom er meir funksjonelle enn eldre baderom, men ein fann også at relativt nyrehabiliterte rom var ufunksjonelle.

For eksempel var døropningar så smale at det var vanskeleg for rullestolbrukarar å trille inn. Ein fann også at toalettpapir var plassert bak toalettet og tørkepapir så høgt oppe på veggen at ein sitjande brukar ikkje fekk tak i dette. 

Kva andre viktige funn gjorde de i kartlegginga?

- Me fann også at mangel på handtak gjer det vanskeleg for den eldre å klare seg aleine på toalettet. Mange eldre er ustødige og treng handtak til å støtte seg rundt i rommet. For eksempel er det viktig med handtak på vasken, men dette mangla på veldig mange rom som vart undersøkt.

Studentane ser at forsking er nyttig

Kva læringseffekt får studentane av å delta i forskingsprosjekt?

- Læringseffekten vil sikkert variere frå studie til studie, men gjennom denne studien har studentane fått større innsikt i kor viktig baderomsutforminga er for bebuar og pleiar i sjukeheimar.

- Dei har også fått erfare at sjukepleiarstudentar kan bidra med data som samfunnet etterspør. Då studentane skulle legge fram rapporten stilte ei rekke byggansvarlege frå Bergen kommune. Dermed fekk studentane sjå at det dei hadde vore med på var viktig kunnskap. 

Kommunar har fått data som dei mangla

Kva lærdom kan kommunar ta av funna som er gjort i denne kartlegginga?

- Før kartlegginga hadde ikkje Bergen kommune systematiske data om funksjonaliteten til baderom i sjukeheimar. Kartlegginga har gitt kommunar eit verktøy som dei kan bruke til å forme baderom i sjukeheimar som er optimale både for dei som er relativt sjølvhjelpte og dei som er totalt pleietrengjande. 

Blir det fleire studiar på bakgrunn av funna som er gjort i denne kartlegginga?

- Ja, vi har allereie vore ute og kartlagt bleie- og toalettbruken til så å seie alle fastbuande på sjukeheimar saman med nye studentgrupper. No gjenstår det å sjå kva vi kan lære av desse dataane, avsluttar Jeanne Helene Boge.