Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
omsorgsteknologi

Suksess med omsorgsteknologi

I løpet av ein 4-års periode har omsorgsteknologi blitt utprøvd i rundt 260 heimar i Lindås kommune. Resultata frå prosjektet lover godt for framtidas pleie- og omsorgstenester.

Både brukarane og pårørande er nøgde med omsorgsteknologi som teneste og vil anbefale denne til andre. Samstundes med at kvaliteten på på tenesta oppfattast å vere betre, har også dei kommunalte utgiftene til pleie- og omsorgstenesta blitt redusert.

Det kjem fra i sluttrapporten for "Lindåsprosjektet" der omsorgteknologi blei innstallert i rundt 260 heimar i Lindås kommune. 

Dette er det største forskingsprosjektet på omsorgsteknologi som er gjennoført i sitt slag i Norge. Erfaringane frå Lindås er difor nyttige for andre kommunar som skal i gang med å innføre omsorgteknologi i sine pleie- og omsorgstenester.