Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Studentcharter

Vedtatt i 2005. Revisjon vedtatt i Høgskolestyret den 27. april 2016.

1. Føremål

Denne serviceerklæringa inneheld retningslinjer for korleis høgskolen vil følge opp sentrale dokument som Strategisk plan, Kvalitetsmanifestet og Etiske retningslinjer for Høgskolen i Bergen, i forhold til den enkelte studenten.

Serviceerklæringa gir informasjon om:

  • tenester og service studentane kan vente seg på ulike område
  • kva studentar og tilsette kan kreve og vente av kvarandre
  • rettar og pliktar studentane har
  • korleis studentane kan fremje studentinteresser og ta opp saker

2. Rettstryggleik og høve til klage

Høgskolen vil sikre at dei rettane studentane har ved lover, forskrifter og reglement vert reelle. Det er viktig at studentane har kjennskap til eigne rettar og plikter, og får tilgang til nødvendig informasjon for å søke om tilrettelegging eller sende ei klage.

Høgskolen pliktar å:

  • høyre studentane i saker som gjeld obligatorisk studiedeltaking, obligatoriske oppgåver, eksamensordningar m.m.
  • gjere oppdaterte lover, forskrifter og reglement for eksamen enkelt tilgjengeleg for studentane på nettsidene, og legge til rette for at studentane gjer seg kjende med desse
  • synleggjere og følgje opp studentane sine rettar og plikter i praksis
  • gjere studentane kjende med vurderinga som blir gjeven av praksisrettleiar/øvingslærar
  • overhalde sensurfristar, ved forlenga frist skal studentane informerast, og det skal rapporterast årleg om graden av forsinka sensur
  • gi studentane informasjon om ankerett til høgskolen si klagenemnd eller overordna styringsorgan

Høgskolen føreset at studentane:

  • set seg inn i gjeldande lover, forskrift og reglement for eksamen og klagevilkår
  • sjølve syter for å halde fristar for oppmelding, tilrettelegging og klage i samband med eksamen
  • følgjer etiske retningslinjer for sitt yrke i praksis

3. Studentdemokrati

Eit sterkt studentdemokrati gagnar alle studentar. Høg studentaktivitet er viktig for høgskolen, og tilrettelegging av studentdemokratiet er eit ansvar som må takast på fleire nivå i organisasjonen - både på seksjons/instituttnivå, avdelingsnivå, sentralt og hjå studentdemokratiet sjølv.

Høgskolen pliktar å:

  • syte for at det gjennomførast val av representantar til tillitsverv og fagutvalg ved semesterstart
  • gi studentane eigen representasjon i alle råd, grupper og utval som påverkar studentane
  • gi studentane moglegheit til å delta i diskusjonar om studieplanar, pensum, undervisning og ressursbruk, gjennom valde representantar til eit fagutval
  • legge til rette for studentpolitisk verksemd gjennom økonomiske løyvingar, tenleg infrastruktur og demokratitid
  • følgje opp tilbakemeldingar og klagar frå studentar så raskt og konstruktivt som mogleg

Høgskolen ynskjer at studentane:

  • engasjerer seg aktivt i studentpolitisk arbeid
  • held seg oppdatert på studentpolitisk informasjon

Høgskolen føreset at studentane:

  • tek aktivt del i nominasjon og val av representantar til styringsorgan og utval ved høgskolen
  • deltek aktivt for å finne fram til felles løysingar når det trengs
  • tek kontakt med relevante studentpolitiske organ med saker og problem
  • tek del i samarbeid om å finne fram til felles løysingar
  • tek del i evalueringar og undersøkingar gitt av høgskolen

4. Administrasjon og informasjon

Høgskolen skal syte for at studentane får ei studietid som er organisert slik at studentane alltid veit kva dei har krav på og rett til. Det er viktig for høgskolen at informasjon når ut til studentane i rett tid.

Høgskolen pliktar å:

  • publisere tentativ timeplan og eksamenstidspunkt innan 1. juli for høstsemesteret og 20. desember for vårsemesteret
  • publisere litteraturliste på høgskolens nettsider seinast ved semesterstart
  • gi alle studentar tilgang på undervisningsplan med spesifikasjon av obligatorisk undervisning, obligatoriske arbeidskrav og tidsfristar, seinast ved semesterstart
  • synleggjere utvekslingstilbod, og informere om desse i god tid før søknadsfristen gjennom allmøte som er opne for alle studentar
  • tilby rettleiing og informasjon gjennom Studenttorget
  • tilby ein funksjonell læringsplattform
  • nytte relevante informasjonskanalar for å syte for at viktig informasjon når studentane

Høgskolen føreset at studentane:

  • aktivt søker informasjon og held seg orienterte om studiesituasjonen ved å lese student e-post, emneplan/studieplan, og oppslag på nettsider og læringsplattforma

5. Utdanning og studiekvalitet

Studia ved høgskolen skal vere forskingsbaserte og prega av høg kvalitet og fokus på forbetring. Studentar skal halde seg oppdatert på forsking som skjer innan sitt fagfelt og oppleve å få undervisning og litteratur som er fagleg oppdatert. Det er viktig å leggje til rette for at studentane skal få ta del i forskinga som skjer ved høgskolen. Studentar er viktige å høyre i arbeidet med å bli betre. Det sentrale Utdanningsutvalet og dei avdelingsvise Studiekvalitetsutvala har eit overordna ansvar for å løfte saker innan dette området.

Høgskolen pliktar å:

  • gi studentane moglegheit til undervegsevaluering i alle emne kvart semester, evaluere og følge opp emneevalueringane og rapportere til fagutvalet
  • oppmode undervisarar til å vere opne for dialog om studiekvalitet, og til å arbeide målmedvite for å betre undervisninga
  • ha klare retningslinjer for fagutval, og formidle desse tydeleg til tilsette og studentar
  • legge til rette for jamlege undersøkingar av studentane si oppleving av studiekvaliteten, og følgje opp resultata av desse
  • legge til rette for eit utviklande samarbeid mellom høgskolen, studentane og arbeidslivet
  • syte for at undervisarar utan pedagogisk utdanning gjennomfører kurs i høgskulepedagogikk
  • oppmode til og legge til rette for auka bruk av studentaktive læringsformer og IKT-støtta undervisning
  • tilby studentane individuell rettleiing under studiet
  • informere studentane tidleg i studieløpet om kva FoU-arbeid som gjerast innan fagfeltet dei studerer, og kva moglegheiter studentane har for å delta i FoU-arbeid
  • synleggjere studentane si eiga forsking
  • oppmode vitskapelege tilsette til å involvere studentar i forskingsarbeidet sitt, og legge til rette for dette
  • syte for at bibliotek og undervisningsom har naudsynt utstyr
  • gi studentane fagleg kompetent rettleiing om litteraturval og informasjonssøk
  • prøve å legge til rette for fagleg utanlandsopphald i arbeid med studieplanar på bachelor- og masternivå
  • legge til rette for at studentane kan delta på relevante forskingsseminar, konferansar og liknande

6. Læringsmiljø

Eit godt læringsmiljø er ein føresetnad for at studentar skal lære og vekse i studiet sitt. Studentane ved høgskolen skal oppleve tilgjengelegheit både i den fysiske og akademiske sfæra, eit godt psykososialt miljø og godt utforma undervisning.

Læringsmiljøutvalget har eit særskild ansvar for å følge opp læringsmiljøet ved høgskolen.

Høgskolen pliktar å:

  • legge til rette for universelt utforma undervisning og eit fysisk læringsmiljø som er inkluderande og tilgjengeleg for alle
  • arbeide aktivt for eit trygt og inkluderande læringsmiljø på alle studiestadene og i alle utdanningane
  • møte studentane med respekt og omtanke
  • gjennomføre årlege undersøkingar om studentane si oppfatning av læringsmiljøet
  • ha oppdaterte beredskapsplanar for situasjonar som kan oppstå både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Informasjon som er relevant for studentane, skal vere tilgjengeleg på HiB sine nettsider
  • sikre tilgang til litteratur ved semesterstart, enten via bibliotek og/eller bokhandel
  • gi studentane tilgang til nødvendig IKT-utstyr
  • syte for studentarbeidsplasser og god bruk av bygg/areal
  • stille lokale på studiestadane til rådigheit for studentsamskipnaden sine tenestar
  • legge til rette for utanomfagleg studentinitiert aktivitet

Høgskolen føreset at studentane:

  • set seg inn i beredskapsplanar og følger desse
  • set seg inn i ordensreglar, og respekterer retningslinjer som er gitt for bruk av ulike areal
  • behandlar lokale og inventar aktsamt
  • melder frå til Studentparlamentet viss dei opplever manglar ved det fysiske læringsmiljøet som kan føre til fare eller ubehag for studentar og tilsette
  • set seg inn i og held gjeldande IKT-reglement
  • behandlar tilsette og kvarandre med respekt og omtanke
  • er aktivt med på å etablere sosiale studiemiljø som fremjer god fysisk og psykisk helse