Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Strategisk plan for Høgskolen i Bergen 2011–2015

Om Høgskolen i Bergen

Utdanningstilbodet ved Høgskolen i Bergen dekkjer profesjonsutdanningar innanfor helse- og sosialfag, ingeniørutdanning, økonomisk-administrativ utdanning, musikkutdanning og lærarutdanning. Høgskulen tilbyr utdanning på bachelor- og masternivå, ei rekkje etter- og vidareutdanningar, og arbeider for å etablera doktorgradsutdanning.

Forsking, utvikling, nyskaping og kunstnarleg utviklingsarbeid (FoU) ved høgskulen er forankra i profesjonsfaga. Høgskulen formidlar kunnskap om FoU-resultata sine tilpassa ulike målgrupper, nasjonalt og internasjonalt.

Høgskolen i Bergen er ein av dei store høgskulane i Noreg, med om lag 7000 studentar og 700 tilsette. Høgskulen har god søkning til utdanningane, veksande FoU-verksemd og høg og aukande kompetanse i personalet.

Høgskulen har tre avdelingar:

  • Avdeling for helse- og sosialfag
  • Avdeling for ingeniør- og økonomifag
  • Avdeling for lærarutdanning

Ved høgskulen er det etablert faglege senter som skal stetta aktuelle behov i samfunnet, samstundes som dei medverkar til å konsentrera kompetanse på område som høgskulen ønskjer å vidareutvikla og spissa.

Strategisk plan for Høgskolen i Bergen 2011–2015

Visjon

Profesjonskompetanse for framtida gjennom kunnskap, kultur og nyskaping.

Verdigrunnlag

Arbeidet ved Høgskolen i Bergen skal byggja på humanistiske verdiar. Berekraftig utvikling, nytenking og høg etisk standard skal prega utdanning, FoU-verksemnd og forvaltning. Høgskulen skal vera open mot omverda, og ha eit lærings- og arbeidsmiljø der studentar og medarbeidarar kjenner seg respekterte og likeverdige, er engasjerte i målretta arbeid og frie til å delta i open og kritisk dialog.

Ambisjon

Høgskolen i Bergen skal utdanna høgt kvalifiserte, sjølvstendige, reflekterte og etisk bevisste kandidatar. Høgskulen skal vera ein attraktiv og anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon som legg vekt på kvalitet i utdanning og nært samarbeid mellom studentar og tilsette.

Høgskulen skal ha sterke og dynamiske miljø innanfor utdanning, FoU og formidling, som samarbeider med anerkjende nasjonale og internasjonale institusjonar.

Høgskulen skal ha gjennomgåande utdanningsløp, frå bachelor- via master- til doktorgrad. Eit internasjonalt perspektiv skal vera integrert i all verksemda ved høgskulen.

Høgskulen skal ta eit regionalt ansvar som førande innanfor utdanning og FoU-verksemd i dei profesjonsområda vi utdannar for.

Ved slutten av planperioden skal høgskulen:

  • Ha heva utdanningskvaliteten ved å leggja vekt på studiekvalitet og studentmedverknad, og slik sikra godt omdøme og gode søkjarar
  • Ha styrkt forskingskompetansen og betra forskingsresultata
  • Ha utdanningar og FoU-miljø som er synlege og konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt
  • Ha styrkt rolla som kunnskapsleverandør til samfunns- og næringsliv i regionen innanfor kompetanseområda til høgskulen

I planperioden skal høgskulen flytta til nytt bygg på Kronstad. Gjennom samlokaliseringa skal høgskulen heva kvaliteten i utdanning og forsking ved å vidareutvikla ein felles identitet og auka tverrgåande samarbeid.

Innan ti år skal høgskulen ha bygt tilstrekkeleg kompetanse til å bli eit universitet med forsking, utviklingsarbeid og formidling retta mot yrka vi utdannar for.

Fagleg profil

Utdanning og forsking ved høgskulen skal dekkja kunnskapsbehov i samfunnet, og hjelpa til å møta både lokale og globale utfordringar knytte til mellom anna klima, energi, velferd, fattigdom, utdanning og demografiske endringar. Dette utgjer den faglege profilen til høgskulen:

  • Teknologi, økonomi og innovasjon: Kunnskapsutvikling for eit nyskapande samfunns- og næringsliv
  • Energiteknologi: Kunnskapsutvikling for berekraftig produksjon og effektiv bruk av energi
  • Informasjons- og kommunikasjonsteknologi: Utdanning og forsking innanfor programutvikling med vekt på distribuerte IKT-system og teknisk bruk av slike system
  • Kunstfag: Utvikling av skapande kompetanse knytt til form, innhald og formidling
  • Utdanningsvitskap: Utforsking av møte mellom utdanning, vitskap og yrkespraksis
  • Kunnskapsbasert praksis: Eit grunnlag for kvalitet i utdanning og profesjonsutøving
  • Omsorgsforsking: Kunnskapsutvikling for heilskaplege omsorgstenester, med særleg vekt på tenester for eldre
  • Samfunnsarbeid: Kunnskapsutvikling for å førebyggja og snu negative sosiale prosessar i lokalsamfunn i samspel med medlemene i det aktuelle miljøet

Utvikling av doktorgradsområde

Høgskulen skal byggja opp fire doktorgradsutdanningar som skal vera knytte til profesjonsutdanningane. Høgskulen har byrja utviklinga av tre doktorgradsprogram, eitt ved kvar av avdelingane, og skal utvikla eit fjerde doktorgradsområde, som skal vera avdelingsovergripande og tverrfagleg.

Målområder

1. Utdanning og læringsmiljø
2. Forsking, utvikling, nyskaping, kunstnarleg utviklingsarbeid (FoU)
3. Samhandling med samfunns- og næringsliv
4. Leiing, organisasjonsutvikling og forvaltning

Målområde 1: Utdanning og læringsmiljø

Høgskulen skal tilby solide, forskingsbaserte og relevante utdanningar på eit høgt fagleg nivå, og utdanna høgt kvalifiserte, sjølvstendige, reflekterte og etisk bevisste yrkesutøvarar for ein nasjonal og internasjonal arbeidsmarknad.
 
Høgskulen skal nå måla ved å:

  • trekkja til seg høgt kvalifiserte studentar og tilsette
  • arbeida for betre kjønnsbalanse og større kulturelt mangfald blant studentane
  • utvikla eigne doktorgradsprogram som byggjer på grunnutdanningane
  • prioritera etablering av master- og doktorgradsprogram i den vidare utviklinga av studieporteføljen
  • utvikla felles utdanningstilbod, til dømes fellesgradar, i samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar, nasjonalt og internasjonalt
  • søkja samarbeid med gode utdannings- og forskingsinstitusjonar både i Noreg og i utlandet for å styrkja kvaliteten og relevansen på utdanningane
  • gje støtte til meistring av studia og medverka til at det finst velferdstilbod som skapar ein god studiekvardag
  • betra den pedagogiske kvaliteten i undervisninga
  • vidareutvikla studentaktive læringsformer
  • stilla høge krav til innsatsen til studentane i studia
  • auka talet på studentar som fullfører studia på normert tid
  • sikra at alle utdanningane gjev endrings- og nyskapingskompetanse
  • innretta studietilbod mot livslang læring, blant anna gjennom utvikling av gode nettstøtta undervisningstilbod
  • auka omfanget av og kvaliteten på internasjonalisering av utdanning, også slik at studentar som ikkje reiser på utveksling får eit internasjonalt perspektiv i utdanninga
  • auka talet på utvekslingsstudentar, og oppnå balanse mellom inn- og utreisande studentar
  • arbeida for å etablera eit senter for framifrå utdanning

Målområde 2: Forsking, utvikling, nyskaping, kunstnarleg utviklingsarbeid (FoU)

Høgskulen skal auka aktiviteten og kvaliteten innanfor FoU-verksemd, og medverka til å utvikla eit kunnskapsbasert arbeidsliv.

Høgskulen skal nå måla ved å:

  • prioritera FoU av høg internasjonal kvalitet som medverkar til å utvikla profesjonsfaga
  • prioritera forskingsressursar og -kompetanse inn mot utvikling av eigne doktorgradsprogram
  • byggja sterke forskingsgrupper gjennom nasjonalt og internasjonalt samarbeid med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar
  • leggja til rette for at studentane kan delta i forsking
  • vidareutvikla og profilera sentera som sentrale drivkrefter i FoU-arbeid ved høgskulen
  • auka den vitskaplege publiseringa i internasjonalt anerkjende publiseringskanalar
  • auka den eksterne finansieringa av forskingsprosjekt
  • utvikla biblioteket som eit moderne forskingsbibliotek
  • sikra at FoU-verksemda følgjer gjeldande etiske retningsliner

Målområde 3: Samhandling med samfunns- og næringsliv

Høgskulen skal vera ein sentral samarbeidspartnar og aktør i det regionale samfunns- og næringslivet.

Høgskulen skal delta i samarbeidsprosjekt, kunnskapsutvikling og kompetanseoppbygging som kan gje menneske betre livsvilkår, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Høgskulen skal nå måla ved å:

  • vera i forkant av utviklinga på sine fagområde, og medverka til kompetanseheving i dei yrka høgskulen utdannar for
  • sikra at profilen og kompetansen til høgskulen er godt kjend
  • driva brukarretta og allmennretta formidling, og vera aktiv deltakar i samfunnsdebatten
  • tilby den kompetansen samfunnet treng til rett tid
  • leggja vekt på FoU-arbeid i samarbeidet med samfunns- og næringsliv
  • driva oppdragsverksemd og etter- og vidareutdanning som gjenspeglar behov i samfunnet
  • byggja alliansar for å styrkja utdanning og forsking, og leggja til rette for vekst og effektiv utnytting av ressursane
  • bruka alumnusnettverket (nettverket av tidlegare studentar) aktivt i kontakten høgskulen har med arbeidslivet
  • ta i bruk og delta aktivt i program som gjev støtte til samarbeidet med institusjonar i land i Sør

Målområde 4: Leiing, organisasjonsutvikling og forvaltning

Høgskulen skal ha eit arbeids- og læringsmiljø som er ope, stimulerande, trygt og utfordrande.

Høgskulen skal utvikla ein heilskapleg organisasjon på Kronstad, der samlokaliseringa skal styrkja fagleg samarbeid på tvers av utdanningane.

Høgskulen skal ha høg kompetanse blant dei tilsette, òg med tanke på å oppnå universitetsstatus.

Høgskulen skal nå måla ved å:

  • sikra ein velfungerande organisasjon gjennom systematisk kvalitetsutvikling
  • sikra god leiing på alle nivåa
  • sikra profesjonalitet i forvaltninga ved rett kompetanse på rett stad
  • sikra at studentane kan medverka til utviklinga av høgskulen gjennom studentdemokratiet og ved å delta i utvala og styringsorgana ved høgskulen
  • sikra at dei tilsette har gode kanalar for medverknad i vedtaksprosessar
  • skapa eit større økonomisk handlingsrom gjennom effektiv bruk av ressursane og tydelege prioriteringar
  • sikra likestilling og likeverd for både tilsette og studentar
  • sikra ein balansert alderssamansetjing blant dei tilsette, og utvikla ein god livsfasepolitikk
  • leggja til rette for at tilsette og studentar blir meir miljømedvitne
  • læra av beste praksis i organisasjonen, og arbeida for lik praksis der dette er naturleg
  • gjennomføra ein omstillingsprosess fram mot samlokalisering på Kronstad som sikrar at tilsette og studentar blir ivaretekne, får delta og blir høyrde
  • arbeida for å sikra tenlege lokale på Kronstadområdet, med rom for ekspansjon
  • prioritera kompetanseoppbygging i fagområde der vi skal utvikla doktorgradsprogram
  • sikra at fagmiljøa både har forskingskompetanse, pedagogisk kompetanse og erfaring frå praksisfeltet
  • ha rutinar og kompetanse for å ivareta innkomande utvekslingsstudentar, utanlandske arbeidstakarar og internasjonale samarbeidspartnarar

Oppfølging

Den strategiske planen skal rullerast ved behov, og minst anna kvart år. Den skal følgjast opp gjennom handlingsplanar, årsplanar, budsjettdokument og styrevedtak. Det skal årleg leggjast fram ein rapport om status for måloppnåing for styret.

Planen er vedteken 03.11.2010, og gjeld frå 01.01.2011 til 31.12.2015.