Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

FoU-utvalet

Medlemmer

Seksjon for forskning og ekstern samhandling ivaretek sekretærfunksjonen for utvalet.

FoU-utvalets mandat

FoU-utvalet skal vere eit rådgivande organ for høgskolens leiing og høgskolestyret i saker som angår forsking-, utvikling- og nyskapingsarbeid (FoU/N). FoU-utvalet skal vere ein aktiv pådrivar for FoU-arbeidet ved høgskolen. Dette inneber å

  1. bidra til at høgskolen når måla som er nedfelt i Strategi for forsking, utvikling og nyskaping (FoU/N) 2011-2015, og gi styret statusmeldingar om progresjon, måloppnåing og tilrådingar om eventuelle naudsynte justeringar av planen
  2. evaluere kvaliteten i FoU-arbeidet og gi styret statusmeldinger om progresjon, måloppnåing og tilrådingar om eventuelle naudsynte justeringar av planen
  3. ha ansvaret for utvikling av høgskolens framtidige ph.d. studium
  4. utføre dei oppgåvene som er delegert utvalet gjennom ph.d.-reglement for Høgskolen i Bergen.
  5. arbeide for å heve FoU-kompetansen i høgskolen, særleg innan ph.d.-områda
  6. arbeide for at det vert etablert gode rammevilkår og støttefunksjonar for utvikling av høgskolens ph.d. studium
  7. utarbeide forslag til handlingsplanar som blant anna omfattar retningslinjer for fordeling av sentrale og avdelingsvise FoU-midlar.
  8. arbeide for at publisering og forskingsformidling inngår som eit sentralt element i heile verksemda.
  9. vere pådrivar for ekstern samhandling, nettverksbygging og internasjonalisering og trekkje vekslar på ekstern ekspertise i arbeidet
  10. gi råd om høyringsfråsegner
  11. bidra med råd om arbeid med ekstern finansiering, bl.a. frå Regionale forskingsfond, NFR og EU.
  12. arbeide for gode opplegg for faglig og administrativ kvalitetssikring, dokumentasjon med sikte på transparens og annan oppfølging av FoU/N-verksemda