Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Råd for samarbeid med arbeidslivet

Høgskolen har eit Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). Rektor er leiar for rådet.

Mandat

Rådet skal utvikle ein strategi for samarbeid mellom arbeidslivet og HiB med forankring i strategisk plan.

Rådet skal bidra til å vidareutvikle Høgskolen i Bergen som regional, nasjonal og internasjonal utviklingsaktør innan utdanning, forsking og nyskaping.

Rådet skal særleg gi råd og drøfte innspel innanfor områder som:

  • styrkjer relasjonane mellom arbeidslivet og HiB
  • vidareutvikler nettverk særlig i regionen, men og nasjonalt og internasjonalt
  • stettar rekrutterings- og kompetansebehov i regionen og i samfunnet elles
  • styrkjer finansieringa av HiB gjennom ekstern finansiering og inntening

Mandat og samansetjing av rådet kan endrast etter innspel frå rådet sjølv eller Kunnskapsdepartementet. Forslag om endringar frå rådet skal handsamast i høgskolestyret.

Det skal gjennomførast minst to møter i året, og rådet vert oppnemnd for valperioden for rektoratet (fire år). Rådet kan gjenoppnemnast.

Representantar

  • Jon Askeland, Radøy kommune
  • Anne Sissel Faugstad, Helse Bergen
  • Tom Knudsen, Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)
  • Anne Kverneland Bogsnes, NAV
  • Roger Pilskog, Landsorganisasjonen (LO)
  • Arne Bengt Riple
  • Nina Mevold, Bergen kommune
  • Marit Warncke, Bergen næringsråd
  • Ole-Gunnar Søgnes, rektor HiB
  • Sonja Dyrkorn, høgskoledirektør HiB
  • Lena Byrkjeland, student 

Markus Mikkelsen er 1. vara for studentrepresentanten.