• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Om høgskolen

Kronstad

Høgskolen i Bergen har cirka 7000 studentar og 700 tilsette.

Høgskolen består av tre avdelingar og er lokalisert på seks ulike stader i Bergen. I 2014 skal høgskolen samlast i eit nybygg på Kronstad.

Innan 2020 år skal høgskulen ha bygt tilstrekkeleg kompetanse til å bli eit universitet med forsking, utviklingsarbeid og formidling retta mot yrka vi utdannar for.

Fagleg profil

Utdanning og forsking ved høgskulen skal dekkja kunnskapsbehov i samfunnet, og hjelpa til å møta både lokale og globale utfordringar knytte til mellom anna klima, energi, velferd, fattigdom, utdanning og demografiske endringar.

Dette utgjer den faglege profilen til høgskulen:

  • Teknologi, økonomi og innovasjon: Kunnskapsutvikling for eit nyskapande samfunns- og næringsliv
  • Energiteknologi: Kunnskapsutvikling for berekraftig produksjon og effektiv bruk av energi
  • Informasjons- og kommunikasjonsteknologi: Utdanning og forsking innanfor programutvikling med vekt på distribuerte IKT-system og teknisk bruk av slike system
  • Kunstfag: Utvikling av skapande kompetanse knytt til form, innhald og formidling
  • Utdanningsvitskap: Utforsking av møte mellom utdanning, vitskap og yrkespraksis
  • Kunnskapsbasert praksis: Eit grunnlag for kvalitet i utdanning og profesjonsutøving
  • Omsorgsforsking: Kunnskapsutvikling for heilskaplege omsorgstenester, med særleg vekt på tenester for eldre
  • Samfunnsarbeid: Kunnskapsutvikling for å førebyggja og snu negative sosiale prosessar i lokalsamfunn i samspel med medlemene i det aktuelle miljøet

 

Sist endret: 11.02.2014