Kvalitet
Høgskolen i Bergen ønskjer å vere ein attraktiv og anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon. Vi legg difor vekt på kvalitet i utdanninga og eit nært samarbeid mellom studentar og tilsette.
Målet er å tilby forskingsbaserte og relevante utdanningar på eit høgt, fagleg nivå. Kandidatane våre skal vere yrkesutøvarar som er høgt kvalifiserte, sjølvstendige, reflekterte og etisk medvitne i ein nasjonal og internasjonal arbeidsmarknad.
Høgskolen arbeider målretta og kontinuerleg med å utvikle kvaliteten i utdanningane. Arbeidet er basert på dei formelle krava til styresmaktene og dei målsetjingane høgskolen sjølv har vedteke for arbeidet sitt med utdanningskvaliteten.
Høgskolen sitt system for kvalitetssikring av utdanningsverksemda blei evaluert hausten 2010 og godkjend av NOKUT i juni 2010.
Sist endret: 24.01.2012
