Nybygg på Kronstad
![]() |
| Det nye høgskulebygget på Kronstad. Illustrasjon: hlm arkitektur/Cubo. |
Høgskolen i Bergen er for tida lokalisert på fem ulike stader, men skal etter kvart samlast i eit nytt bygg på Kronstad.
20. september la statsråd Tora Aasland ned grunnsteinen og markerte med det starten på sjølve byggjearbeidet.
Startløyvingane til nybygget kom frå Finansdepartementet i slutten av januar 2009, og er på 65 millionar kroner.
Det er eit forprosjekt, med romprogram frå 2003, som utgjer grunnlag og føresetnad for nybygget. I løpet av sommaren og hausten 2009 vart det arbeidt med beskriving og vurdering av anbod, og 5. januar starta den praktiske delen av prosjektet – fyrst med riving av eksisterande bygg og deretter graving.
HLM Arkitektur & plan AS frå Bergen og CUBO Arkitekter A/S frå Århus, med mottoet "Kobling", har fått oppdraget med prosjektering av utbygginga av Kronstadtomta og samlokalisering av Høgskolen i Bergen.
I tida framover vil all informasjon om prosessen mot nytt bygg samlast på desse sidene. Du kan sjå og følgje utviklinga på Bildeblogg Kronstad.
Konkurransen om kunstnerisk bearbeidelse avgjort
Kunstneren Anne-Gry Løland vant konkurransen om kunstnerisk bearbeidelse av fasaden til det nye høgskolebygget på Kronstad.
Konkurranse om å få utsmykke fasaden på Kronstad
Seks kunstnere har sagt ja til å delta i lukket konkurranse om fasadeutsmykking av det nye høgskolebygget.
Sist endret: 16.12.2011
