• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Notat 20.08.03 til Statsbygg

HØGSKOLEN I BERGEN SAMLOKALISERING PÅ KRONSTAD
TILBODSINNBYDING


Eg viser til utkast til tilbodsinnbyding, og til konstruktivt møte 14.08.03.

Etter avtale spelar eg inn nokre prinsipielle synspunkt til det aktuelle dokumentet. Synspunkta er drøfta med rektor Eli Bergsvik.

Studenttalet i 1.01

Høgskolen har i dag 5000 heiltidsstudentar og heile 6000 studenthovud. På denne bakgrunnen er punkt 1.01 uheldig formulert. Det må forklarast kva talet 4400 inneber. Vi viser også til: 1) Styret har vedteke at studenttalet skal auka dei næraste åra. 2) Auken i fødselskulla om få år.

Høg utnytting i 2.02

Her er det brukt for absolutte føringar. Høgskolen har ikkje eit ønske om kompakt anlegg. Den gongen høgskolen gjekk inn for Kronstad, var det i høg grad utifrå ei campus-tenking.
Punktet bør formulerast slik at det kan opna meir for ein analyse, som igjen kan gje grunnlag for bestemte føringar, jf drøftinga på møtet 14.08.03.

2.04.1 Prosjektgrunnlag

Høgskolen har dokument som truleg bør vera med, t.d.:

  • Aktuelle styredokument, også om disponering av den nordre delen av tomten
  • Handlingsplan for funksjonshemma
  • Strategisk plan for Høgskolen i Bergen

3.01.3 Arealoppstilling nordre del

Aktuelle formål kan også vera:

  • Tilrettelegging for studentvekst
  • Tilrettelegging for forskingspark
  • Tilrettelegging for nyskaping, t.d. etablering av bedrifter med utgangspunkt i utdanning og forsking ved høgskolen

Det er viktig at framtidig utbygging på den nordre delen på ulike måtar er relatert til høgskoleformål. På den måten kan den samla utbygginga utgjera eit heile, og det kan verta ein god kommunikasjon både innover og utover.

4.16 Presentasjon mm

Det er positivt at Statsbygg har teke vare på interessene til dei eksterne brukarane, t.d. den aktuelle bydelen, Samtidig er det svært viktig at det same vert gjort i høve til dei interne brukarane, studentane og dei tilsette. Her viser eg også til dei endra føresetnadene for utbygginga, frå ein campus-modell til meir kompakt utbygging.


Nils Mæhle (s)

Sist endret: 17.09.2007