• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Kristian Helland - eksternt styremedlem 2011-2014

Navn Kristian Helland Kristian Helland
Stilling Prorektor NLA Høgskolen
E-post Kristian.Helland@NLA.no

Tre spørsmål til Kristian Helland

Hva vil du fokusere mest på som styremedlem for Høgskolen i Bergen?


- Eg treng noko tid til å sette meg inn i kvar HiB som ein stor og flott høgskole er
med omsyn til fagleg og organisatorisk utvikling. Men eg nemner tre viktige fokusområde:

  1. På kva måte er HiB som høgskole og organisasjon oppteken av studentane sine?
    For studenten er og blir den store skatten i alt ein høgskole driv på med!
  2. På kva måte vil leiinga av høgskolen nå dei måla som er sett for utviklinga av
    høgskolen? Med andre ord: vi må diskutera dei strategiane som er lagde for å fremja
    den vidare utviklinga av høgskolen.
  3. For å nå måla sine er HiB heilt avhengig av dei tilsette på alle nivå. Kor godt fungerer
    den store organisasjonen som heiter Høgskolen i Bergen? Det er eit viktig tema som
    det er mange innfallsvinklar til.

Hvordan skal Høgskolen i Bergen være?

- Eg prøver meg med nokre viktige og prangande stikkord: inkluderande, innovativ og i verdsklasse!

Fortell om din nåværende jobb og bakgrunn.

- Eg er fagleg sett førstelektor og er p.t. prorektor ved NLA Høgskolen og har samarbeidd med HiB i mange år.

Elles har eg omfattande pedagogisk røynsle og røynsle som leiar. Mange kjenner til at eg har hatt ein politisk karriere som ordførar og varaordførar i Bergen. I denne samanhengen har eg også fått stor røynsle frå styrearbeid i BKK, Bergen Kunstmuseum, Bergen og Omland Havnevesen , BIR Privat A/S og frå fleire andre styre.

 

 

Sist endret: 23.09.2011