• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Beate Lode - styremedlem 2011-2015

Navn Beate Lode Beate Lode
Stilling Høgskolelektor
Avdeling Avdeling for lærerutdanning
Adresse Landåssvingen 15, 5096 Bergen
Telefon 55 58 75 00
55 58 59 30
Privat telefon 915 68 453
E-post beate.lode@hib.no

Tre spørsmål til Beate Lode


Hva vil du fokusere mest på som styremedlem for Høgskolen i Bergen?

- Eg ser det som viktig at høgskulen klarer å gjennomføre ambisjonane om å heve kompetansen i organisasjonen og opne for fleire mastergradsstudium som byggjer på grunnutdanningane. Det ligg i tida at folk tar meir utdanning enn dei gjorde tidlegare, og mastergradsutdanning bør bli eit tilbod til studentar på alle grunnutdanningane våre.

Samfunnet ønskjer kandidatar med høgre kompetanse, og studentar er i større grad interesserte i å ta høgre grad. For at HiB skal framstå som attraktiv, må vi utvikle oss vidare. Kompetanseheving og tilbod om mastergrads- og phd-studium er knytt tett saman. Kompetanseheving stimulerer studia på alle nivå, og master- og phd-studium stimulerer til kompetanseheving.

Kompetanseheving må også omfatte kompetanseutvikling i fagpersonalet. Det bør utviklast ein kultur i forskningsmiljøa våre der det er låg terskel for å få knyte seg til. For å halde på ein sunn organisasjonskultur, er det viktig at alle kjenner seg tatt vare på i kompetanseløftet.

Grunnutdanningane våre skal vere gode og på ein slik måte at dei stimulerer studentane til å bli gode profesjonsutøvarar. Dette fokuset må vi ikkje miste i iveren etter å tilby fleire utdanningar av høgre grad.

Hvordan skal Høgskolen i Bergen være?

- Høgskolen skal vere attraktiv og tilby heile utdanningsløp. Det skal vere godt å studere ved HiB og det skal vere ein god arbeidsplass der alle tilsette kan trivast.

Fortell om din nåværende jobb og bakgrunn.

- Eg har dei siste par åra vore sterkt involvert i å utvikle og implementere dei nye grunnskolelærarutdanningane for 1.-7. klasse og 5.-10.klasse. Arbeidet mitt er knytt til matematikk fagdidaktikk. Elles har eg arbeidd innan allmennlærarutdanning, fagfordjupning, førskolelærarutdanning og etterutdanning for lærarar etter at eg byrja arbeidet på HiB i 1994.

Utdanninga mi har eg frå Universitetet i Bergen, cand. scient. innan anvendt matematikk og pedagogisk seminar.

Blikket mitt er sterkt retta mot å utvikle god undervisning og ho skal vere relevant på ein slik måte at vi utdannar kandidatane våre til å bli gode profesjonsutøvarar. Slik har eg late meg involvere i utviklingsarbeid og forskingsprosjekt som kan vere med å utvikle matematikkundervisning i grunnskolen og i lærarutdanninga.

 

 

 

 

Sist endret: 30.08.2011