• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Sak 64/1994

Realisering av Griegakademiet Samarbeid mellom Høgskolen i Bergen og universitetet i Bergen - Utsett

Dokument i saka

  1. Intensjonsavtale februar 1991 om ei samanslåing av UiB og Bergen muskkonservatorium gjennom skiping av eit Griegakademi.
  2. Ei styringsgruppe nedsett for å konkretisera avtalen. To medlemer frå kvar av dei to institusjonane og ein observatør frå Bergen lærerhøgskole. Innstillinga levert 23.6.94
  3. Vedtak om tilråding i Høgskolestyret for Hordaland, september 1992 (vedlegg 1)
  4. 4 dokument frå sentralt hald (vedlegg 2)
  5. Semje mellom Universitetet i Bergen og Høgskolestyret for Hordaland Protokoll (sjå vedlegg 3)
  6. Brev 19.10.94 frå Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen til KUF-komiteen (vedlegg 3)
  7. Brev 29.11.94 frå KUF om innkalling til møte 8.12.94 (vedlegg 4)
  8. Notat til møtet 8.12.94 frå Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen (vedlegg 5)


Saka gjeld

Spørsmålet om å etablera eit Griegakademi er nemnt i innstillinga frå Hernes-utvalet 1988. Saka vart konkretisert gjennom ein intensjonsavtale februar 1991 mellom UiB og Bergen musikkonservatorium om ei samanslåing av dei to institusjonane gjennom skiping av eit Griegakademi. Med denne avtalen som grunnlag sette dei to institusjoanen ned ei styringsgruppe med to medlemer frå kvar. Ein observatør deltok i arbeidet frå Bergen lærerhøgskole. Styringsgruppa leverte innstillinga si 23.6.92.
Høgskolestyret for Hordaland behandla saka på møte i september 1992, og slutta opp om hovudlinjene i innstillinga (vedlegg 1).

Protokoll juni 1994
I samband med førebuinga av Høgskolen i Bergen kom naturleg nok ein ny dimensjon inn i denne saka. Dette går fram av protokollen frå juni 1994 mellom UiB og Høgskolestyret for Hordaland, der det m.a. heiter:

  • Oppbygginga av eit Griegakademi skal vera eit samarbeidstiltak mellom to likeverdige partar
  • Dette må også få konsekvensar for samansetjinga av styringsorgana, slik at begge institusjonane kan få eit eigarforhold til Griegakademiet (konkretisert i vedlegg 5)
  • Målet er å skipa eit samla miljø og knutepunkt for musikkfagleg, musikkvitskapleg og musikkpedagogisk utdanning i Bergen

Griegakademi og fagprofil ved Høgskolen i Bergen
For høgskolen er denne samanhengen svært sentral i saka. Vi viser m.a. til følgjande moment:

  • Ein tydeleg og eintydig fagprofil (med fåe og sterke faglege satsingsområde) vil vera ein viktig føresetnad for den vidare utviklinga av Høgskolen i Bergen.
  • Sidan eit framtidig Griegakademi skal gå inn som del av fagprofilen ved Høgskolen i Bergen, må tilhøva leggjast best mogeleg til rette frå alle partar for at dette skal skje. Dette vil gjelda både høgskolen, Universitetet i Bergen, Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet, Kulturdepartementet og andre samarbeidspartar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Vurdering

Departementet vurderte spørsmålet om Griegakademiet første gongen i St.prp. nr 46 (1993-94):
" Departementet har på denne bakgrunn besluttet ikke å opprette et Griegakademi og heller ikke sam-organisere Universitetet i Bergen og Bergen musikkonservatorium."

Etter Budsjett-innst. S. nr. 12 (1994-95) og tidlegare innstillingar frå KUF-komiteen må departementet no revurdera dette standpunktet. Møtet 8.12.94 var eit ledd i ei slik vurdering.

Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen har i brev 19.10.94 (vedlegg 4) og notat til møtet 8.12.94 (vedlegg 5) gjort greie for felles ståstad når det gjeld Griegakademiet. I samsvar med denne vil det for Høgskolen i Bergen vera ein føresetnad at eit framtidig Griegakademi går inn som ein del av fagprofilen ved høgskolen.

Ei slik profilering med knutepunkt vil igjen skapa behov for ressursinnsats, som vil stilla spesielle krav til Høgskolen i Bergen, og i særleg grad Avdeling for kunstfag og kommunikasjon. Samtidig reknar vi med at høgskolen vert tildelt knutepunktsmidlar frå KUF, eventuelle kompetansemidlar frå UiB og ulike støttemidlar frå andre samarbeidspartar.

Når vi er positive til den skisserte fellesløysinga, er det m.a. av følgjande årsaker:

  1. Griegakademiet er eit viktig nasjonalt prosjekt.
  2. Griegakademiet er eit samarbeidstiltak mellom to likeverdige partar, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen.
  3. Høgskolen i Bergen har gjort framlegg om "Kunst og kultur" som fagleg satsingsområde, og vi ser Griegakademiet som ein viktig del av denne faglege profilen.
  4. Høgskolen i Bergen ser Griegakademiet som eit viktig ledd i samarbeidet vårt med Universitetet i Bergen, og reknar med at dette tiltaket vil opna for eit ytterlegare samarbeid innanfor ulike område.
  5. Høgskolen i Bergen har som mål å skapa ein heilskapleg og integrert institusjon. Med den interessante og krevjande avdelingsstrukturen som departementet har fastsett, står vi overfor ei rekkje utfordringar. I denne samanhengen er det viktig at situasjonen for Avdeling for musikk (tidlegare Bergen musikkonservatorium) vert avklara snarast. Avdelinga har både før og etter 1.8.94 til ein viss grad stått på sidelinja i omorganiseringsprosessen, noko som er problematisk både for avdelinga sjølv og for resten av høgskolen.

Framlegg til vedtak

  1. Styret viser til premissane i saka, og rår til at departementet realiserer Griegakademiet i samsvar med hovudretningslinjene i protokoll juni 1994 og notat 8.12.94 frå dei to institusjonane.
  2. Styret viser til framlegget om "Kunst og kultur" som satsingsområde ved Høgskolen i Bergen, og reknar med at realiseringa av Griegakademiet vil styrkja framlegget overfor departementet, slik at dette satsingsområdet vert del av eit nasjonalt knutepunkt i Bergen.
  3. Styret føreset at slik nasjonal satsing inneber at departementet gjev knutepunktsmidlar til Høgskolen i Bergen.
  4. Styret vurderer realiseringa av Griegakademiet som eit sentralt samarbeidstiltak mellom Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen, og reknar med at tiltaket kan opna for ytterlegare samarbeid innanfor ulike område.

Nils Mæhle
høgskoledirektør

Sist endret: 28.09.2007