Møtebok frå konstituerande høgskolestyremøte
| Møtetid: | Onsdag 24. august kl. 0900 - 1300 |
| Møtestad: | Fellesadministrasjonen, Lars Hillesgt. 34 |
Til stede:
Rektor Kari Blom
Prorektor Atle Våge
Tom Georg Bu (vara)
Jarle Tranøy
Marit Gunnarskog (vara)
Morten Eide Pedersen (vara)
Svein Hatlem
Berit Rokne Hanestad
Eli Lindblad Rem (vara)
Erling Meisingseth
Brynjulv Hernes (vara)
Laila Aase (vara)
Eiliv Olsen
Astrid Steen Isaksen
Asle Holthe
Bente Molland (vara)
Jostein Osnes
Nina NygårdHøgskoledirektør Nils Mæhle
Sekretær Eli Rye
Forfall:
Tom Cato Seeberg (vara)
Eli Rolland (vara)Innkallinga og saklista vart godkjent.
SAK 1/94: Konstituering
Presentasjon av styrmedlemene
Vedtak:
- Styret for Høgskolen i Bergen konstituerer seg sjølve
på møte 24.8.94.
- Styret viser til KUFs brev om at det ikkje er høve til å vera styremedlem og medlem av høgskolens råd, og ber valstyret ta omsyn til denne problemstillingen når høgskolerådet vert valt, med grunnlag i ei endeleg avklaring frå departementet.
SAK 2/94: Orienteringssaker, jf. m.a.
- Administrasjonsordning for Høgskolen i Bergen brev 11.1.94
frå KUF. Dette dokumentet har vore eit viktig grunnlagsdokument for arbeidet med å
etablere Høgskolen i Bergen. Dokumentet gav føringar om følgjande
område: Fellesadministrasjonen, avdelingsadministrasjonen, leiarstillingar,
tenestemannsrettslege forhold, informasjon om stillingar.
- Referat frå siste møte 28.7.94 i styringsgruppa for Høgskolen
i Bergen. Denne gruppa har leia arbeidet med å førebu høgskolen.
Styringsgruppa har vore i arbeid i vel 1 ½ år for å
førebu den nye høgskolen. Styringsgruppa har vore samansett
av direktør i høgskolestyret (leiar), rektorane frå
dei tidlegare høgskolane, studentrepresentant og representantar
frå hovudsamanslutningane.
Høgskolestyresekretariatet har stilt sekretær. Leiar i høgskolestyret har møtt på møta i styringsgruppa.
- Søknad om statsstøtte og eksamensrett for allmennlærarutdanning
ved Norsk
lærarakademi. Departementet gir svar i brev 1. august om at statstilskot først vil kunne bli behandla i samband med KUF sitt framlegg til statsbudsjett for 1996, og for å kunne vurdere søknad om eksamensrett må departementet ha ei fagleg vurdering av det faglege nivå på allmennlærarutdanninga ved NLA.
- Val av Høgskoleråd (HR)
Høgskolerådet er eit rådgjevande organ for Høgskolen i Bergen, og skal fungere som informasjons- og kontaktorgan mellom styret og fagmiljø, og mellom fagmiljøa.
Høgskolerådet skal ha 25 medlemmer. Valstyret har utsett valet til hausten.
- Valde leiarar
Drøftingsresultatet skal leggjast fram for styret som skal fatte vedtaket.
- Budsjettsituasjonen ved HiB
KUF har fått tilsendt eit rekneskapsoversyn pr 31.07.94 for dei gamle høgskolane. 7/12 av budsjettet er nytta, og 5/12 skal vere til disposisjon for hausten 94. Situasjonen pr. i dag er eit underskot på ca. 2 mill. kroner. Styret vil få kopi av brevet som vart sendt til departementet.
- I eit brev til statsråd Gudmund Hernes tok leiinga ved høgskolen
opp ei rekkje viktige saker, m.a.: kompetanseoppbygging for dei tilsette, samlokalisering
av all helsefagutdanning ved HiB, kantinespørsmålet for
alle tilsette i Lars Hillesgt. 34, spørsmål i tilknyting
til hovudfag. Brevet vert fulgt opp av møte med statsråden
i departementet.
- Møte med Studentsamskipnaden i Bergen
Direktøren i SiB ønskjer eit møte med HiB for å diskutere spørsmålet rundt studentvelferd. Styret nemner opp ei gruppe som kan møte direktøren i SiB.
Vedtak: Styret nemner opp følgjande representantar for HiB som kan møte direktøren i SiB: rektor, direktør, studiedirektør og dei to studentrepresentantane i styret.
- Samarbeid mellom Vestlandsforsking og HiB
Eit samarbeid her vil kunne vere svært interessant for HiB. Det er ønskjeleg at saka vert diskutert av styret snarast, og det er naturleg at FoU-leiaren førebur ei sak for styret.
SAK 3/94 Presentasjon av arbeidet med Høgskolen i Bergen fram til 1.8.94 v/høgskoledirektør Nils Mæhle
Styringsgruppa og styresekretariatet har arbeidd med iverksetjinga av administrasjonsordninga som har vore godkjent i departementet. Fellesadministrasjonen i Lars Hillesgt 34 og dei 8 avdelingane på 6 studiestader utgjer den samla administrasjonen ved HiB.
SAK 4/94 Utfordringar for Høgskolen i Bergen v/rektor Kari
Blom
Høgskolen er ein stor organisasjon som omfattar fagmiljø og administrasjon. Leiar i styret, rektor Kari Blom understreka at det er viktig å konsentrere seg om det faglege aspektet. Målet for all verksemd er det faglege, og administrasjonen er ein støttefunksjon for å nå dei faglege måla.
Nokre sentrale punkt i lov om høgre utdanning vart gjennomgått.
SAK 5/94 Presentasjon av status for Høgskolen i Bergen pr.
24.8.94 og av sentrale tilsette
Her viser ein til Høgskoleinformasjon nr. 1-94 som presenterer leiinga ved avdelingane og andre sentrale verv og stillingar ved HiB.
SAK 6/94 Nærare drøfting av styrearbeidet Mål,
innhald, form, organisering
Kap. 2 og §§4-5 om styret sin oppgaver vart gjennomgått.
Møteform: Det formelle møte, der ein nyttar fornamn og etternamn ved tiltale. Generelt vil møta vare ca. 4 timar, eventuelt seminarretta møt etter behov. Administrasjonen vil ha informasjonsplikt overfor styret og underrette styret løpende i viktige saker.
SAK 7/94 Samla møteplan
Vedtak:
- Onsdag er møtedag
- Møta startar til vanleg kl. 0900, og har ei ramme fra kl.
900-1300, inkludert lunsj.
- Møta vert til vanleg lagde til fellesadministrasjonen (F).
Samtidig er det naturleg at nokre av styremøta etter nærare
vurdering kan leggjast til avdelingane (A).
- Datoplan hausten 1994
5.10.94
2.11.94
23.11.94
21.12.94
SAK 8/94 Eventuelt
Student Jarle Tranøy gav eit oversyn over studentorganiseringa i den nye høgskolen på litt sikt.
Bergen 31.08.94
Eli Rye
sekretær
Sist endret: 13.04.2011
