FoU - prisen
Vedtektene for FoU-prisen
1. FoU-prisen ved Høgskolen i Bergen har høg kvalitet i forsking og utviklingsarbeid som sitt primære siktemål. Mottakarar av prisen skal ha utført forsking, utviklingsarbeid, nyskaping eller kunstnarisk utviklingsarbeid som held høg kvalitet i nasjonal og internasjonal samanheng.
2. Prisen vert gjeve på grunnlag av dokumenterte resultat. Den vert gjeve for verksemd som har bidrege til å fremje HiB som forskingsinstitusjon, og den skal fungere som inspirasjon til vidare innsats.
3. Prisen kan gå til einskildpersonar eller til grupper av personar. Alle fag og disiplinar kan omfattast. Det kan også vere aktuelt å gje prisen til representantar for eit tverrfagleg forskingsmiljø.
4. Prisen består av kr. 40.000,-.
5. Prisen vert delt ut årleg.
6. Prisen vert delt ut av FoU-utvalet.
7. Prismottakar(ar) vert utpeikt på grunnlag av nominasjon frå avdelingane. Kvar avdeling kan nominere inntil to kandidatar. Dersom det vert føreslått ei gruppe eller eit nærmare avgrensa miljø skal desse også identifiserast ved namn. Det skal leverast ei grunngjeving for kvar kandidat. Forslag til kandidatar skal handsamast konfidensielt på avdelingsnivå.
Vedteke av FoU-utvalet 11.02.2008
Sist endret: 04.05.2010
